Nyheitsbrev 10. januar

Godt nytt år. Her kjem aller første nyheitsbrev for 2025. Stikkord er: Rydding i posthyller, klink is i vente, endring i skatteutjamninga, spaden i jorda for ny barnehage i Granvin, påminning om avviksmeldingar, medarbeidarundersøking, ekspertbistand, aktivitetshefte for godt vaksne, dialogmøte med ungdom, foredrag om psykisk helse og temakveld om skjermbruk.

Mange avdelingar, og nokre tilsette, har posthylle hjå Innbyggjarservice på tinghuset. Det er litt varierande kor ofte desse vert sjekka og brukt, så oppmodinga ved starten på året er å sjekka posthylla, tøma den og dersom du eller avdelinga ikkje har behovet lenger, rydd i hylla og lever nøkkelen til Innbyggjarservice.

Dårleg vêr i vente

Natt til måndag er det venta eit vêromslag som vil skapa krevjande tilhøve både for gåande og køyrande.

Det er varsla mykje nedbør og fleire varmegradar frå måndag. Det kjem til å føra til at det vert svært glatt, i og med at me går frå kaldt og klart til varmt og vått vêr. Truleg vil ein del av nedbøren koma som snø i starten. Resultatet vil uansett vera klink is og svært glatte vegar og fortau.

Alt av tilgjengeleg mannskap vil vera i drift, men det vil ikkje vera mogleg å ha strødde vegar og fortau alle stader til ei kvar tid. Det er frost i bakken, slik at isen vil byggja seg opp samtidig som at regnet vil vaska vekk grusen.

Voss herad ber alle om å vurdera om ein må ut å køyra når det er verst, og ha tolmod med både heradet og mannskapa som er i drift.

Dersom ein skal ut på vegen er det viktig med gode vinterdekk. Voss herad ber også gåande sko seg for å tryggast mogleg kunne ferdast på glatta.

Voss herad gjer det som er mogleg for å førebyggja og førebu, men dette vil uansett verta krevjande dagar for innbyggarane.

Barnehage Granvin

Ordføraren tok fyrste gravetak for nye Tueteigen barnehage denne veka

Onsdag starta arbeidet med å få på plass den nye barnehagen i Granvin, og ordførar Tonje Såkvitne var den som fekk æra av fyrste "spadetak". Med kundig rettleiing frå entrepenør, styrte ho gravemaskina med glans.

Til dei oppmøtte delte ordføraren desse orda:

– Dette er ein stor dag for Granvin, alle borna og tilsette i Tueteigen barnehage og alle framtidige born og småbarnsfamiliar i Granvin. Eit bygg kan vera med å byggja samfunn. Det skapar arbeid, det skapar ein samlestad og det skapar bulyst. Den nye barnehagen skal stå klar våren 2026. Det skal vera bygda sitt hus og komplimentera bruken av Bygdatunet. I dag kunne ordføraren gleda seg over den gode kjensla av å sjå politiske vedtak vert sett ut i live. Ein frydar seg over tanken på at borna i Granvin skal få ein flott barnehage å vera i, og at alle dei tilsette skal få heilt nye rammer for sin arbeidskvardag. Dei tilsette i barnehagane i Voss herad gjer ein heilt fantastisk jobb kvar einaste dag.

Medarbeidarundersøkinga 2025.

I år vil alle tilsette få invitasjon til å svare på medarbeidarundersøkinga i perioden 03.03 – 15.03.2025.

Medarbeidarundersøkinga er eit viktig reiskap for å jobba for eit godt arbeidsmiljø gjennom medverking og involvering av deg som tilsett.

Også i år vil me nytte 10Faktor frå KS til å gjennomføre undersøkinga. Undersøkinga er anonym og basert på nasjonal og internasjonal forsking

Resultatet av undersøkinga vert nytta til å drive utvikling av tilsette, leiarar og organisasjonen. Gjennom gode verktøy skal me saman jobba for at me alle har ein god arbeidskvardag.  

Oppfylging med Ekspertbistand.

Kompetanseteamet frå Kveik har hatt informasjonsmøte for leiarane i Voss herad om Ekspertbistand. Det var veldig godt oppmøte både fysisk og digitalt på møta.  Dei fekk høyre kva det er, kven det er aktuelt for  og korleis ein kan søkje støtte hjå NAV arbeidslivssenter. Gjennom ekspertbistand kan kompetanseteamet blant anna bidra inn i arbeid med til dømes sjukefråværsoppfylging, omstillingsarbeid, arbeidsevne- og arbeidsplassvurdering. Kompetanseteamet har bred kompetanse og erfaring og ynskjer at leiarane skal ha låg terskel for kontakt.

Du finn informasjonsfoldar, og slides frå møtet i Kvalitetssystemet Compilo

Uroar du deg for eit barn?

Uro for eit barn kan ha ulike former og vera av ulik størrelse. I Voss herad fins det mange ulike tenester, tilbod og tiltak som kan vera til god hjelp, med utgangspunkt i BTI (Betre Tverrfagleg Innsats) som samhandlingsmodell.

Sjå denne filmen for meir informasjon om korleis ein kan gå fram for å få den hjelpa ein treng.  

Mindre i skatteutjamning

27. desember fekk Voss herad melding om at prognosen for skatteutjamning vert 28 millionar kroner mindre enn prognosa som kom 3. desember.

Skatteutjamning er ei omfordeling der kommunar med høge inntekter frå skatt på inntekt og formue overfører delar av dette til kommunar med låge skatteinntekter. Voss herad nyttar KS sin prognosemodell for å berekna kva skatteutjamninga har å seia for oss. 3. desember viste denne modellen at Voss herad skulle få 61 millionar kroner i inntektsutjamning, men 27. desember viser modellen 28 millionar kroner mindre.

I heradsstyret måndag presiserte rådmannen at dette er ein prognosemodell, og at endeleg resultat knytt til skatteutjamninga kjem 3. februar. Rådmannen peikte også på at for å sikra at me kan handtera slike svingingar, er det viktig å ha eit solid disposisjonsfond.

Avvikshandtering

Som de kjenner til, er Compilo kvalitetssystemet til heradet. Dette skal nyttast av alle tilsette til blant anna å skriva avvik.

Kva er eit avvik, seier du?  Eit avvik kan være eit lovbrot, brot på ei viktig prosedyre, ei hending som har, eller kunne ha ført til, skade på menneskjer, miljø eller materielle verdiar, uakseptable tilhøve/belastningar. Normale variasjonar i dagleg drift er ikkje eit avvik.

Når du melder eit avvik, hugs å beskriv årsaka til hendinga, denne må me også ha fokus på for å redusera sjansen for at dette skjer igjen.

Kva som er vitsen med å registrera avvik? Avviksstatistikken er eit kjempegodt verktøy for å kartlegga kvar «skoen trykkjer», kva må me jobba med i vår avdeling for å skapa eit godt og trygt arbeidsmiljø, og om kvaliteten på det me leverer er og god og i samsvar med lover og forskrifter?

Når me jobbar med forbetringar; korleis skal ein vite om eit tiltak fungerer om ikkje alt blir registrert før og etter tiltaket?

Dette er ikkje eit valfag og husk at dei beste løysingane finn ein ofte når leiing og tilsette jobbar i lag.

Aktivitetshefte for godt vaksne 

Det er laga eit aktivitetshefte for godt vaksne, med oversikt over ulike aktivitetstilbod og møteplassar for seniorar. Heftet finn du digitalt her:

Aktivitetar og sosiale møteplassar for godt vaksne 2025 - Voss herad

Så kjenner du nokon som kan vera i målgruppa, tips dei. Og er dei ikkje så digitale, har me sjølvsagt heftet i papirform til utdeling i Innbyggjarservice.

Dialogmøte med ungdom

3.desember hadde ungdomsavdelinga dialogmøte med ungdom. På kafedialogen diskuterte ungdommen 4 ulike tema og problemstillingar henta ut frå resultata til Ungdata 2024:

Søvn, trivsel på skulen, utfordringar i kvardagen og alkohol. Sjå vedlagt oppsummering «Di meining tel 3.12.2024».

Føredrag med Adil Khan

Måndag 20.januar kl. 18.00 inviterer frivillige lag og ungdomsavdelinga i Voss herad føresette til ungdom til eit føredrag med Adil Khan om ungdom og psykisk helse. Føredraget heiter Motstand = Styrke.

Ulike aktørar som jobbar for at barn- og unge skal ha det bra på Voss stiller denne kvelden på stand slik at foreldre som ynskjer det kan ta ein prat med dei; skulehelsetenesta, kommunepsykolog, støttekontakttenesta, Avdeling for psykisk helse- og rusarbeid, politiet, Mental Helse, Natteravn, Voss Røde Kors, Kirkens Bymisjon, Voss Gatebil, utekontakt og ungdomsklubben Vangsgryto. Sjå vedlagt plakat og meir informasjon finn du her: Saman for ungdom - Voss herad

Same føredrag som føresette får held Khan for elevar i vg1 og vg2 tysdag 21.januar kl. 09.00 og 13.00 i Gamlekinoen.

Informasjon om føredraget Motstand = Styrke:

Som lærarar, ungdomsarbeidarar og foreldre har me ei nøkkelrolle i utviklinga til ungdom. Me er med på å forma dei som menneske gjennom normene, verdiane og kunnskapen me gir dei – i barnehagen, på skulen og i livet elles. Adil reflekterer rundt dette i foredraget og deler døme på nøkkelpersonane han sjølv har hatt i livet sitt, og kva det har ført til. Han gir også konkrete verktøy og teknikkar for betre kommunikasjon med ungdom.

  • Kva påverknadskraft har me som vaksne på ungdom og handlingane deira?
  • Korleis kan me sjå ungdommen for den dei er, og støtta dei på vegen vidare?
  • Korleis kan me som vaksne tilpassa kommunikasjonen for å skapa openheit, dialog og trygge omgivnader for ungdom?

 

Temakveld for foreldre om barn og skjermbruk

Saman med FAU på Gjernes skule og i Tvildemoen barnehage inviterer Voss herad føresette til barnehagebarn og barneskuleforeldre til føredrag om skjermbruk tysdag 21.januar i Gamlekinoen. Det vert to ulike foredrag. Kl.17.00 for foreldre med barn i barnehage, Kl. 19.00 for foreldre til barn i barneskule.
Meir informasjon om desse arrangementa finn du her: Temakveld om skjermbruk for barn i barnehage og i barneskule - Voss herad