Nyheitsbrev 13. november

I dag kan du spara pengar på å lesa nyheitsbrevet. Me skriv om nye rabattordningar for heradstilsette. I tillegg har me nyheiter om vaksinering, brannstasjonen har prøvd aggregatet sitt og nokon har øvd på å montera flaumgjerde. Og, det er grøn november, så her får du oppskrift på grønsaksfrittata. Og, oppsummering frå siste leiarmøte til rådmannen.

Christopher vaksinerte Martin

Årets influesavaksine er endeleg her, og vaksineringa er i gang. 

Alle tilsette i Voss herad får tilbod om denne vaksinen. Vaksineringa skjer på ulike lokasjonar kring i organisasjonen. Redaksjonen for nyheitsbrevet lot seg under litt tvil vaksinera av IT-konsulent Christopher frå kommunalavdeling helse og omsorg. Det viste seg at han er utdanna sjukepleiar, med mange års erfaring med stikking av både små og store pasientar. 

Rådmann Martin var også mellom dei første som tok vaksinen fredag morgon. Influensavaksine er eit tilbod til alle tilsette. Lurer du på når og kvar du kan ta vaksinen, så spør leiaren din. 

Rabattane er klare

HMS-rådgjevar Eolo kom svært nøgd inn til redaksjonen med nye rabattordningar for tilsette som vil vera litt aktive. Både hjå Voss resort og i Myrkdalen er det rabattar å få på både skikort, overnatting og andre aktivitetar. 

Vil du gjera andre ting enn å stå på ski, kan du ta deg ein tur i Vossabadet med rabatt også. 

Det kan bli litt mykje å skriva inn alle ordningane, så det lettaste er å gå inn i Compilo å søkja etter bedriftsavtalar, eller klikka her: Bedriftsavtalar Voss herad

Flaumøving

Bygg og eigedom øvde måndag på flaumtiltak ved kulturhuset. Det er to år sidan førre øving, og måla for øvinga var å trena på å sette opp flaumgjerde og å rigga til flaumsikringstiltaka i Kulturhuset i samsvar med tiltakskort. 

På kulturhuset er det pumper, bjelkestengsel og flaumstraum som er viktig å kjenna til. Tilbakemeldingar er at det er svært nyttig å trena og samtidig oppdaga noko som treng justerast.

Siste frå leiargruppa

Beredskap og internkontroll

Leiargruppa drøfta organisering av beredskapsarbeidet og behovet for tilstrekkelege ressursar til både beredskap og internkontroll. Arbeidet med å styrkje bruk og forankring av Compilo i organisasjonen held fram. 

Nettsider og informasjon til innbyggjarane

Leiargruppa behandla vidareutvikling av nettsidene til Voss herad. Det vert arbeidd vidare med oppdatering av informasjon og organisasjonskart for å gjere det enklare for innbyggjarar og samarbeidspartnarar å finne rett informasjon. 

I samband med oppdatert lay-out på nettsida har me opplevd at enkelte ting har ramla ut, som kontaktinformasjon på enkelte tenesteområde og anna. Oppmodinga er at kvar avdeling tek ein sjekk på sine område, og sender eventuell mangelliste til kommunikasjonssjefen.

Openheit og innsyn

Det vart drøfta korleis Voss herad kan arbeide vidare med openheit og transparens. Moglegheiter for betre visualisering og deling av informasjon til innbyggjarar og politikarar skal vurderast vidare. 

Tinghus 2

Leiargruppa fekk orientering om status i prosjektet Tinghus 2. Det er semje om at det er viktig med god informasjon om bakgrunnen for kostnadsutviklinga og status i prosjektet. 

Vossadagane 2027

Planlegginga av deltaking på Vossadagane er i gang. Leiarane får ansvar for å melde inn behov for deltakarplassar frå sine område. 

Sentrumsbarnehage

Leiargruppa drøfta spørsmål frå politisk leiing knytt til framdrift for ny sentrumsbarnehage. 

Økonomi og planlegging

Leiargruppa gjorde førebuingar til vidare arbeid med økonomiplan og presentasjonar for politiske organ. Målet er å synleggjere utfordringar, prioriteringar og framtidige behov på ein tydeleg måte.

Aggregat brannstasjon

Onsdag slo brannsjefen av straumen på brannstasjonen. Med vilje, altså. 

Meininga var å testa aggregatet. På den nye stasjonen er det nemleg ei kontakt på veggen som via eit aggregat skal drifta heile stasjonen. 

Frå onsdag morgon til torsdag morgon denne veka, vart aggregatdrift testa med full belasting i eit døgn.Det meste på bygget fungerte som det skulle, men sjølvsagt vart det også avdekka nokre moment som må justerast eller endrast, noko som også var var målet med testen. Men testen viser at bygget er fantastisk bra og vil kunne løysa mange utfordringar ved ein straumstans i heradet.

Mett på lokale grønsaker

Alle mat- og helseklassane på 9. trinn fekk førre veke utdelt kvar sin kasse med lokale grønsaker frå Finnegarden. Med utgangspunkt i kassen, var oppgåva å laga eit mettande og smakfullt måltid. Korleis gjekk det?

- Elevane blei mette og syntest det smakte godt. Dei fekk prøvd nye smakskombinasjonar, og erfarte at ein ikkje treng kjøt for å laga næringsrike og gode måltid, skriv Elisabeth Mandt, mat- og helselærar ved Voss ungdomsskule, i tilbakemeldinga. 

I matkassane låg gulrot, jordskokk, kålrot, poteter, pastinakk, lauk, vårlauk, grønkål, kål, stongselleri, eple, pære, graskar og urter som peparmynte, kruspersille og ringblom.

- Dei fekk møta nokre grønsaker dei ikkje hadde brukt før, og det blei mykje spørsmål og diskusjon kring maten, skriv Elisabeth Mandt vidare. 

I oppgåva som skulane fekk tilsendt skulle dei ta utgangspunkt i eit scenario der handelssystemet, på grunn av klimaendringar og krig, bryt saman: «Voss herad får ikkje inn ei einaste vare som er produsert i utlandet, og nabokommunane har nok med seg sjølve. Som nest største jordbrukskommune i heile Vestland fylke, så klarar vel Voss herad seg fint? Eller? På 99 % av jordbruksarealet vert det dyrka gras til kyr og sau, og såleis er me heldige som har nok mjølk og kjøt. Men potet og grønsaker vert nesten ikkje produsert for sal i heradet, og difor er grønsakene som ligg i kassen både eksklusive og dyrebare.»

- Det var kjekt for elevane å få handlingsfridomen til å bestemma kva ein skulle laga ut frå råvarene i kassen. Dei erfarte at KI kan vera eit nyttig verktøy til å skaffa inspirasjon, men at dersom dei skal ha ei god oppskrift som er gjennomtenkt og gjennomførbar, så er det lurt å bruka kokebøker og oppskrifter frå nettsider som matprat.no og liknande, skriv Elisabeth Mandt i tilbakemeldinga. 

Frå Vossestrand ungdomsskule var ein av tilbakemeldingane at elevane sakna kjøt i kassen. I Granvin tok dei fann dei fram lokalt røykt lammekjøt frå frysaren, som var til overs frå eit tidlegare måltid. Dei brukte ikkje oppskrift, men kutta opp alt av grønsaker og kokte opp saman med kjøtet. Elevane vart mette, og restane fekk takksame lærarar på planleggingsdagen seinare i veka. Vel unt! 

Vossestrand si oppskrift på grønsaksfrittata

  • 4 egg
  • 1 dl mjølk
  • 1 gulrot
  • ¼ kålrot
  • 1 lauk
  • 2 blad grønkål
  • Litt stangselleri

Framgangsmåte

  1. Skjer grønsakene veldig smått.
  2. Steik dei i ei tørr panne til dei byrjar å mjukna. Bruk litt vatn dersom dei set seg fast. 
  3. Visp saman egg og mjølk.
  4. Hell eggeblandinga over grønsakene.
  5. La den stå på låg varme til egget nesten har stivna.
  6. Set eventuelt heile panna i steikjeomnen ei kort stund for å få toppen ferdig.

Lykke til, og god appetitt