Nyheitsbrev 21. mars

Stikkord for dagens nyheitsbrev er: Raskare omstilling og høgare innsparingskrav, grunnsteinen til ny brannstasjon er lagt ned, sykkeldebatt på tysdag. Og ei lita oppmoding, ser du bos rundt kommunale bygg, plukk det opp og kast det på rett plass.

Fredag hadde rådmann Martin Kulild, saman med Liv Myklebust, orientering for alle leiarane, hovudtillitsvalde og hovudverneombodet om den økonomiske situasjonen Voss herad står i. Tala viser nær 28 millionar i underskot i 2024, og prognosene tilseier at utan at det vert gjort større omstilling kan heradet gå 40 millionar i underskot i 2025.

I omstillingsprosjektet Voss iPluss 2027 ligg det inne innsparingskrav på 10 millionar i år, men grunna den krevjande situasjonen me står i må omstillinga gå raskare, og me vil difor styra mot ei innsparing på 50 millionar kroner i år.

Rådmannen har tidlegare vore tydeleg på at ingen skal seiast opp som følgje av omstillinga, dette vart også presisert i dag. Det arbeidast med framlegg til ei ny omstillingsavtale, og rådmannen håper på positiv deltaking og omstillingsvilje frå alle partar. Til leiarane var bodskapet heilt klart, jobben er no å bidra til omstillinga og å trygga tilsette og brukarar i arbeidet som me skal inn i. Dette skal me få til – saman!

Grunnsteinen til brannstasjonen er lagt ned

Fredag ettermiddag vart grunnsteinen til den nye brannstajsonen lagt ned, av ordøfrar Tonje Ljones Såkvitne og brannsjef David Skjerven. Bygget er reist, og grunnsteinen er laga og lagt med ein eigen vossavri. Brannsjefen har fått laga ein grunnstein av ekte vossaskifer, som vert lagt ned i golvet i inngangspartiet av den nye og flotte brannstasjonen, slik at alle som kjem inn i stasjonen kan sjå steinen så lenge bygget står. Brannstasjonen vert klart til bruk på seinhausten.

Til nedlegginga var det invitert både administrativ og politisk leiing, tilsette i brannvernet, byggeleiing og prosjektleiing for den nye stasjonen.

- Grunnsteinen er laga med tanke på identiteten til Voss. Me er ei skiferbygd, og steinen er av kortreist vossaskifer. Det er høg kvalitet, som skal representera kva Voss brannvern står for, steinen er robust, som skal representera vossasamfunnet og den er inkluderande, i og med at me har med namnet både på tilsette i brannvernet og i politisk og administrativ leiing, sa David Skjerven. Som også meiner steinen representerer dei andre verdiane til Voss herad: påliteleg, profesjonell og skapande.

Alle som var med på nedlegginga fekk også ei omvisning i eit imponerande bygg som skal gje brannmannskapa skikkelege og gode arbeidsforhold når den nye brannstasjonen står ferdig.

Er Voss bygd for syklistar?

Voss er full av entusiastiske syklistar, trass i ein infrastruktur som i liten grad spelar på deira lag. Kva grep må me ta for å gjera det tryggare og kjekkare å vera syklist i Voss herad? Det spørsmålet stiller me oss i samband med revideringa av kommuneplanen.

Panelet som skal svara på spørsmålet består av heilårssyklist Bart van Schendel, ordførar Tonje Ljones Såkvitne, Bjørg Lirhus Ree frå Voss herad (med trafikktryggleikshatten på), og Anders Hegland Lauritzen frå Voss sentrum.

Voss har også eit levande friluftsmiljø og mange som vil utforska naturen på to hjul. Me har nokre aktørar som driv guida sykkelturisme i terrenget, og mange som syklar rundt åleine. Samtidig har me rundt 35 000 dyr på beite kvar sommar, og me har villrein som er veldig sårbare for menneskeleg påverknad. Skal det vera greitt å sykla overalt – også i fjella?

I dette panelet sit leiar i Voss bondelag Bjørnar Nedkvitne, landbruksrådgjevar i Voss herad Inger Marie Hernes, dagleg leiar i Voss Utferdslag Margrethe Alm og Marcio Franco frå Outdoor Norway som driv sykkelturisme.

Tor Halvorsen losar oss gjennom kvelden og banksjef i Voss Sparebank, Jørund Rong, fortel kva han meiner er bra og dårleg med å vera syklist på Voss. Det vert også høve for publikum til å visa på kart kva som er dykkar favorittruter og kvar i heradet forholda for sykling bør forbetrast.

Velkomen til sykkeldebatt i biblioteket tysdag 25. mars klokka 19.00.

Plukk opp bos du ser

Til slutt ei lita oppmoding frå dei gode folka våre i avdeling for park-, idrett-  og kyrkjegardsdrift. Ser du det ligg bos på bakken kring arbeidsplassen din, plukk det opp og legg det i ei bosbøtte. Då vert det raskt trivelegare dder du er, og gjengen til Hege Ukvitne slepp å gjera det, og kan bruka tida si endå betre.

Oppmodinga kan for så vidt utvidas for eiga rekning, ser du bos som ligg på bakken uansett, plukk det opp og kast det der det høyrer heime.