Endringar i Voss herad
Ingeborg H. Uppheim tiltrer som ny organisasjonssjef frå 2. november. Med dette er heile rådmannen sin stab samla under ein leiar, i avdelinga Organisasjon.
Denne endringa kjem mellom anna som svar på hovudutfordringane som PwC peika på i rapporten sin, og skal bidra til betre og meir samordna oppgøveløysing i tråd med måla i samfunnsplanen, raskare avgjerder, klarare prioriteringar og sterka merksemd på digitalisering, innovasjon og økonomistyring. Samtidig skal organiseringa ta ned risikoen for sektor og silo-tenking.
Dette er også årsakane til at kommunalavdeling teknisk og kommunalavdeling kultur og fritid tidlegare i haust var samla til kommunalavdeling samfunnsutvikling og kultur, under leiing av kommunalsjef Hans-Erik Ringkjøb.
Organisasjonsavdelinga
Den nye organisasjonsavdelinga vil halda fram med å løysa oppgåvene som dei tre stabsavdelingane tidlegare har hatt ansvaret for. I samband med endringa har det også skjedd endringar i leiarstrukturen. Nils Petter Bere er økonomisjef, Mette Matthiessen er HR-sjef, med Trine Langøyen som fagleiar på HR. Kari Trana og Kristine Tvedt Brekke har mellombels leiaransvar for innbyggjarservice og dokumentsenter/arkiv, Kim Andre Vaksdal er IT-leiar.
Tor H. Halvorsen er fagleiar for kommunikasjon og Liv Myklebust er spesialrådgjevar.
Samfunnsutvikling og kultur
Kommunalavdeling Samfunnsutvikling og kultur er organisert i seks avdelingar. Dei er Brann og redning, der David Skjerven er brannsjef. Veg, vatn og beredskap, der Sondre Gjøstein er leiar. Plan, næring og utvikling, der Berit Marie Galaaen er leiar. Forvaltning, der Vidar Jørdre er konstituert leiar og rekruttering av ny leiar er i prosess. Bygg og eigedom, der Haakon Innset er leiar. Den siste er Kultur og Fritid, der Trude Letnes er kultursjef.
I tillegg til samanslåing av to kommunalavdelingar er det i den nye kommunalavdelinga kome tilsette frå stab. Dette gjeld overordna planlegging, klima og miljø og beredskap. Vidare medfører organiseringa eit overordna ansvar for samfunnsutvikling i kommunalavdelinga, og dette vert lagt til Plan, næring og utvikling. Den nye forvaltningsavdelinga får ansvar for byggesak, landbruk, oppmåling og tilskotsordningar. Dette er å reindyrka forvaltingsoppgåver der bruk av digitalisering og KI vil vert ein viktig del av å utvikla forvaltninga.
Oppvekstavdelinga
Når Ingeborg H. Uppheim tiltrer som organisasjonssjef, fråtrer ho samtidig stillinga som kommunalsjef oppvekst. Denne stillinga vert lyst ledig, og fram til ny kommunalsjef er tilsett, vil kommunalsjefef for helse og omsorg, Kjersti Nordanger, vera konstituert kommunalsjef for oppvekst frå 2. november. Ho får i denne perioden kommunalsjefansvaret for både oppvekst og helse og omsorg. Dette vart også gjort sist Voss herad var i rekrutteringsprosess med ny kommunalsjef oppvekst.
Ingeborg og Kjersti vil samarbeida om ein del oppgåver i november for å sikra ein god overgang og kontinuitet i oppgåver i oppvekstavdelinga.
Strategisk toppleiing
Desse endringane fører også til at rådmannen si leiargruppe er redusert frå åtte til fem, når ny kommunalsjef oppvekst er på plass. Målet med dette er at toppleiargruppa skal ha hovudfokus på mål og prioriteringar, økonomi og ressursbruk, innovasjon, struktur og organisasjonsutvikling. Dagleg drift og detalsjoppfølging skal liggja i linja, og leiarmøtet til rådmannen skal ikkje fungera som eit utvida driftsmøte.
Rådmannen ynskjer alle lykke til med sine nye oppgåver og retter ein stor takk til alle som har vore involvert i prosessen og for deira positive medverknad til det gode resultatet.
Lysning etter ny kommunalsjef for oppvekst vert kunngjort innan få dagar. Dette vil også verte ei spennande rekruttering og me ser fram til denne prosessen, i godt samarbeid med dei tillitsvalde i Voss.
Eigenberedskap

Neste veke er det den årlege eigenberedskapsveka. Årets tema: Kva gjer du når elektronisk kommunikasjon ikkje fungerer?
Då er dei nye informasjonspunktene våre heilt avgjerande. Dette er viktig at alle innbyggjarar kjenner til, så hjelp oss med å dela dette med alle de kjenner. Plakat for nedlasting (PDF, 231 kB)
Me trener på å oppretta desse punktene. Sist veke trente Sivilforsvaret og Voss herad på å rigga informasjonspunkt ved Granvin sjukeheim og ved Voss tinghus. Neste veke skal ein saman med Voss Røde Kors og Vossestrand Rødekors og brannvernet va på det same ved Vossestrand omsorgstun og Evanger skule. BILDE
Les meir om eigenberedskapsveka her: Sikker hverdag
Nytt frå leiargruppa
Kommunikasjon som strategisk verkemiddel
Med bakgrunn i PwC-rapporten skal kommunikasjon verta eit viktigare strategisk verkemiddel for å få fram overordna bodskap og kva retning heradet skal gå. Som ledd i dette vil korte referat, som dette, frå rådmannen si leiargruppe, verta delt med alle tilsette i nyheitsbreva.
Administrativt delegeringsreglement
Det er lagt fram framlegg til nytt administrativt delegeringsreglement. Dette vil verta gjort tilgjengeleg i Compilo samt gjort kjent gjennom presentasjonar for tilsette.
Livsfasepolitikk
Livsfasepolitikk erstattar det som før var seniorpolitikk og no endra til å omhandla alle livsfasar. Dette var fyrste runde med teamet, og livsfasepolitikk er ein del av hovudavtalen. Arbeidet vert å koma tilbake til når livsfasepolitikken er endeleg fastlagt.
Kontorplassar på tinghuset
Rådmannen si leiargruppe gjekk gjennom prinsipp for kontorplassar på tinghuset og den vidare prosessen. Det kjem eigen informasjon om dette.

Noreg øver
Onsdag 21. oktober deltok Voss herad både kommunal kriseleiing og beredskapsrådet på ei stor skrivebordsøving. Dette var ein del av ei landsomfattande øving i samband med totalforsvarsåret. alle kommunar i landet har deltatt på ei slik øving denne veka.
Nye prosessleiarar
Elizabeth Bell og Liv Agnes Rong har saman med Kjetil Solvi Nordstrøm og Martine Kilen Samdal no i oktober fullført prosessleiarprogrammet i Styp
Programmet skal bidra til endå meir energigjevande møte og prosessar, med endå betre resultat. Deltakarane i programmet lærer verktøy og metodar for å skapa engasjement, samskaping og aktiv deltaking i både møte, prosjekt, prosessar og arbeidskvardagen generelt.