
Ombygginga av Tinghus 2, altså der tingrett og jordskifterett skal inn, er så og seia ferdig. Bygget er formelt overtatt frå entreprenør, men det vert likevel gjort litt småtteri før det er heilt ferdig. Leigetakarane har sagt at dei er godt nøgd, og kjem til å flytta inn i løpet av de kort tid.
Men byggearbeid på tinghuset er ikkje ferdig enno, inngangspartiet mot Skulegata/KIWI skal byggjast om, det startar straks over helga. Det gjer at denne personalinngangen vert stengt i anleggsperioden, men kan sjølvsagt nyttast som rømningsveg om det er behov for det. Men det gjer at dei som skal inn på tinghuset må nytta anten hovudinngangen eller inngangen som vender mot ungdomsskulen.

Det er også montert nye kortlesarar i denne delen, såkalla berøringsfrie. Resten av kortlesarane på Voss tinghus vil også verta skifta ut med berøringsfrie i tida som kjem. Merk deg at det i inngangen mot skulegata er to, ein kortlesar som gjeld til kommunalt tilsette, og ein som gjeld tilsette i tingrett og jordskifterett.
Gamlekinoen
Totalentreprisen for Gamlekinoen er no lyst ut, og det er estimert kontraktsignering i starten av september. Byggestart vil vera ganske snart etter dette, og Bystøl, Traa, Skjeldal, Heradsstyresal, Gamlekinoen og Foajeen vil då vera utilgjengelege. Det vil bli opparbeidd mellombels parkeringsplass for ca 12 arbeidsbilar reservert byggeprosjektet ved parkeringa på sørsida av Tinghuset. Meir informasjon om organisering av bygg- og riggplass kjem etter sommaren, men ein legg opp til mest mogleg normal drift på Tinghuset elles.
Grunna ombygginga vil møte i både heradsstyret og formannskapet vera på Hagahaugen og møterom Kvitanosi på brannstasjonen fram til møta kan flyttast attende til tinghuset.
Meir pengar til Gamlekinoen
Gamlekinoen har fått 2,5 millionar kroner av Kulturrom. 1.167.000 kroner er til betre lokale og akustikk, altså akustisk utbetring av lokalet, medan 1.363.000 er til framføringsutstyr, altså sceneteknikk og scenetekstilar. Kulturrom har i denne omgangen delt ut til saman 43,5 millionar kroner til ulike prosjekt rundt i heile landet. Kulturrom vart etablert under namnet Musikkutstyrsordningen i 2009, og fekk i 2019 utvida mandat. Kulturrom er ei nasjonal tilskotsordning som skal bidra til fleire eigna lokale for øving og framføring av musikk, teater og dans, og delte i 2025 ut 86 millionar kroner.
Omtrekk med mange oppsider
Liliia Vilshanivska, Vita Reznik (jobbkonsulent ved Nav), og klima- og miljørådgjevar, Lina Hamre, viser stolt fram dei «nye» stolane på Helsehuset.Då Helsehuset trong 20 stolar til eit nyoppussa møterom, tok heradet eit val som gagna både lommeboka og klimaet. I staden for å kjøpa nye, vart 20 holete stolar henta frå den gamle brannstasjonen og trekt om.
Arbeid og venskap
Det er Najla Zagorcic som har hatt ansvaret for omtrekkinga. Ho arbeider på avdeling Bygg og eigedom, og har mykje erfaring med ulikt arbeid på symaskin frå tidlegare. Med seg på laget fekk ho Liliia Vilshanivska, som er frå Ukraina og går på introduksjonskurs. Ho har hatt arbeidstrening gjennom NAV saman med Najla ein gong i veka, og då har det gått unna med stolane.
– Det har vore veldig lærerikt og kjekt å vera til nytte, men det beste har eigentleg vore å vera saman med Najla og snakka med henne om livet, fortel Liliia.
Najla er einig, og fortel at ho har opplevd mykje av det same som Liliia no går gjennom, sidan ho kom til Voss som flyktning frå Bosnia tidleg på 90-talet.
– Eg veit korleis ho har det, og kor viktig det er å ha noko meiningsfullt å fylla dagane med, fortel Najla.
– I tillegg er det utruleg kjekt å gje nytt liv til desse stolane. Stoffet var svært utslite, men ramma i tre er av god kvalitet og held i mange år til.
Najla er også i gang med omtrekking av holete kontorstolar frå Tinghuset.
Ein halv million spart på møblar
Najla er i sving med å trekkja om ein kontorstol.Omtrekkinga av møblar er del av satsinga Voss herad har på ombruk.
– Målet er å bruka tinga våre så lenge som mogleg, slik at me slepp å kjøpa nytt, fortel klima- og miljørådgjevar Lina Hamre.
I fjor byrja heradet å ta i bruk verktøyet Loopfront, der alle i heradet kan leggja inn møblar som dei ikkje lenger nyttar, men som andre kan få bruk for.
– Det er stadig fleire som tek Loopfront i bruk for å leita etter møblar. Det er kjekt, men for at verktøyet skal fungera godt, treng me at fleire også legg inn møblar dei har til overs, seier ho.
Det vart teke ut rapport frå Loopfront i mai som synte at 66 møblar har forflytta seg gjennom Loopfront sidan august i fjor. Dersom heradet skulle kjøpt desse møblane nye, ville det ha kosta 487 428 kr.
I tillegg har heradet spart miljøstasjonen for avfall på over tre tonn og klimaet for utslepp på 9,6 tonn CO2-ekvivalentar. Avdeling Bygg og eigedom har vore ein viktig aktør i arbeidet med Loopfront, ettersom nokon må flytta møblane dit dei skal, og i nokre tilfelle demontera møblar og hjelpa med å skru dei saman att.
– Det er store verdiar å henta på å halda møblane våre lenger i bruk, så dette gjev meining. Dessutan står det i Vossaklima 2030 at heradet skal feia for eiga dør, og vera eit forbilete gjennom handlingane våre. Me håpar at denne innsatsen for ombruk smittar over på andre, seier ein nøgd leiar for bygg og eigedom, Haakon Innset.
Nettverksmøte
I oppvekst har det denne veka vert gjennomført ulike nettverk i avdelinga.
Tysdag og torsdag vart det gjennomført nettverk for pedagogisk leiarar i barnehage med tema BTI og stafettlogg med innlegg frå Arnhild Vethe.
Onsdag gjennomførte oppvekstavdelipnga overføringsmøte mellom barnehage og skule, der ein etter samtykke frå føresette frå informasjon om barn som byrja i fyste klasse til hauste. 5 skular og 8 barnehagar deltok.
I dette møtet skal ein sikra god og trygg overgang for barnet frå barnehage til skule/SFO, gjennom:
- relevant informasjonsoverføring
- tidleg samarbeid mellom tenestene
- fokus på barnet sine ressursar og behov
Sommarjobb for ungdom, 15-18 år:

Torsdag vart det gjennomført informasjonsmøte for ungdomar som har fått sommarjobb i barnehage, Helse, SFO og i ungdomsavdelinga. Ordførar ønskte alle velkomen til møter og så fekk dei litt informasjon om arbeidsavtale, teieplikt, politiattest, lønn før dei møtte dei tenestene dei skal ha sommarjobb i.
Målet med prosjektet er mellom anna:
- gje ungdom arbeidserfaring tidleg
- bidra til inkludering og deltaking
- gje inntekt og meistringskjensle
- rekruttera framtidige arbeidstakarar til kommunen
Det var 85 søkarar til 42 plassar, som viser at dette er eit populært og viktig tiltak.
Om årsmelding, tertialrapport, retningsgjevande økonomiplan og omstilling
Det er jobba godt siste vekene med å laga rapportar og planar som handlar om økonomi og tenestene våre. Desse skal no til handsaming i formannskap 11.juni og heradsstyre 18.juni.
Årsmelding for 2025 er kanskje gamalt nytt, men det er viktig å ha med seg når me lagar planar framover. I 2025 landa det økonomiske resultatet (netto driftsresultat) på ca 21 mill.kr i pluss takka vera gjennomført omstilling og kostnadsreduksjon i mange tenester, at me fekk litt meir inntekter og tilskot enn me hadde venta og at sjølvkostområda gjekk i pluss og kunne setja av midlar til fond. Her finn de årsmelding: Årsmelding Voss herad 2025
Rapport for 1.tertial 2026 viser at me ikkje har kome i mål med å ha ei berekraftig drift og økonomi. Trass ekstra løyvingar i budsjettet så ligg fleire tenesteområde an til vesentlege meirforbruk. Samla sett ligg grunnskule, barnehage, helse og omsorg an til meirforbruk på over 37 mill.kr. Dette grunna nye brukarbehov, behov for midlar til å vedlikehalde bygg og innleige av legar for å sikra legetenester til innbyggjarane. Heldigvis ligg me an til å få meir inntekter frå rammetilskot, litt skatteinntekter og kraftinntekter som kan vera med å dekka ca. 30 mill.kr av dette. Det er planlagt for eit netto driftsresultat rundt null for 2026. Det vil seie at inntektene så vidt dekker utgiftene. Det vil krevje god styring og budsjettdisiplin i år for å kunne klara eit godt resultat. Det har me vist at me klarte i 2025. Her finn de rapport 1.tertial 2026: Rapport 1.tertial 2026
I 2027 og framover er målet at me har klart å skapa berekraftige tenester og økonomi. I mandat for Voss iPluss2027 har rådmannen fått i oppdrag å nå desse måla og at netto driftsresultat er på minimum 1,75 % av inntektene. Med 2,05 milliardar i inntekter utgjer dette minimum 36 mill.kr i pluss i drifta. Me har laga ein plan for å nå desse måla. Planen finn de i retningsgjevande økonomiplan. For å klara dette må me gjennomføra dei kostnadsreduserande tiltaka som rådmannen har tilrådd etter rapport heilskapleg organisasjonsgjennomgang. Det er tilrådd å gjennomføra tiltak med innsparingsbeløp på samla 40,3 mill.kr i 2027, 51,8 mill.kr i 2028, 54,6 mill.kr i 2029 og 55,6 mill.kr i 2030. Nokre av desse tiltaka har vore ein del av økonomiplan tidlegare og alle er dermed ikkje nye. Tiltaka er ikkje berre viktige for å betra økonomien. Tiltaka er viktige for å skapa framtidsretta tenester og løysa utfordringar med bemanning som me har i mange tenester. Me må bruka knappe ressursar på beste måte. Kva som faktisk skal gjennomførast vil heradsstyre gjera vedtak om 18.juni. Økonomiplan inneheld også masse informasjon om kva retning tenestene skal utvikla seg og kva mål me skal nå. Planen finn du her: Retningsgjevande økonomiplan 2027-2030
Rådmannen si innstilling til rapport heilskapleg organisasjonsgjennomgang frå PWC er lagt fram som ei eige sak til handsaming. Det er tilrådd å gjennomføra 23 ulike tiltak som kan vera med å løysa utfordringar me står i. Nokre tiltak frå rapporten er ikkje tilrådd og ein del tiltak er justert i beløp eller tidsplan i høve rapporten. Vurdering er gjort ut i frå fagleg perspektiv for ulike tenester, det er vurdert kva som er realistisk å få til og det er prioritert endringar i struktur framføre reduksjon i bemanning. Førebyggande tenester er også i stor grad skjerma. Saka (42/26) med rådmannen si innstilling finn du her: Møteplan og saksdokument formannskap 11.juni 26 - Voss herad
Innlegg frå rådmannen: Gode tenester også i framtida
Voss herad står framfor viktige val dei komande åra. Debatten om omstilling handlar forståeleg nok om sterke kjensler, fordi det handlar om tenester, arbeidsplassar og lokalsamfunn som betyr mykje for folk. Nettopp difor er det viktig å løfta blikket og spørja: Kva må me gjera no for å kunna sikra gode tenester også om ti og femten år?
Den største utfordringa for kommunane framover er ikkje først og fremst bygg eller økonomi, men tilgang på kvalifisert arbeidskraft. Dette vart også løfta fram av statsministeren då han besøkte Voss denne veka.
Voss merkar dette allereie, både administrasjonen og de som våre tilsette og innbyggarar. Det er blitt stadig vanskelegare å rekruttera sjukepleiarar, legar, lærarar og barnehagelærarar. Mange av våre tenester er sårbare ved sjukefråvær og leiarane må nytte mykje tid for å engasjere vikarar, i staden for å drive med leiarskap og kunne vere med å utvikle tenestene og arbeidsmiljøet. I nesten halvparten av barnehagane våre har foreldre måtta henta borna tidleg, eller levert dei seint, siste året - fordi det manglar personale. Samstundes veit me at behovet for helse- og omsorgstenester vil auka kraftig dei neste åra.
Dette betyr at me må tenkja nytt om korleis me organiserer tenestene våre. Mange av strukturane våre er bygde for ei anna tid enn den me går inn i. Små og spreidde einingar kan vera sårbare både fagleg og bemanningsmessig. Større og meir robuste fagmiljø kan gje betre moglegheit for rekruttering, meir stabile arbeidsmiljø og meir likeverdige tenester til innbyggjarane.
Målet er ikkje sentralisering for sentraliseringa si skuld. Målet er å sikra kvalitet, tryggleik og berekraft i tenestene også i framtida.
Omstilling handlar heller ikkje berre om økonomi. Det handlar om å skapa handlingsrom til å prioritera førebygging, utvikling og nye behov som vil koma. Dersom me ventar for lenge med nødvendige grep, risikerer me at vala blir meir akutte og mindre føreseielege seinare.
Samtidig handlar fleire av tiltaka om å organisera oss smartare. Eg har mellom anna valt å redusera den øvste leiargruppa frå åtte til fem personar. Målet er tydelegare styring, betre samordning og raskare gjennomføring i ei tid der kommunen må arbeida meir samla på tvers av tenesteområda.
Ingen ønskjer store omstillingar. Dei skaper uro og krev mykje av de som tilsette, leiarar og lokalsamfunn. Men det har også ein pris å ikkje gjera noko.
Eg meiner me no har ein gylden moglegheit for å ta grep, medan me framleis har handlingsrom til å forma utviklinga sjølve. Målet er at Voss også i framtida skal vera ein attraktiv arbeidsplass og kommune med gode tenester, sterke fagmiljø og trygge lokalsamfunn.
No skal politikarane våre gjera prioriteringane. Mitt ynskje og mål er at debatten som kjem, kan handla om korleis me saman byggjer eit berekraftig Voss – som held!
Venleg helsing
Martin Kulild, rådmann
Årets lønsoppgjer
Det er forhandla ferdig ny løn for alle tilsette plassert i kapittel 4 med verknad frå 1.mai. Etter planen kjem den nye lønna på plass i august.
Lokale forhandlingar for kapittel 4 vert hausten 2027.
For dei som er plassert i kapittel 5 og 3 vert det lokale forhandlingar til hausten, også med verknad frå 1.mai.
Pensjonist i kantina

Fredag vart Lillian i kantina takka av, og er blitt pensjonist. Kantinemedarbeidarane vår er nokon alle som både jobbar og er innom tinghuset ofte møter, og dei er kjende for å spreia smil og god stemning. derfor var det både kake og tale frå ordføraren saman med blomar og merksemd til den nyslåtte pensjoisten.