Nyheitsbrev 6. november

400 elevar i kappestrid med hjernekraft, millionar til gjødsel, kom med innspel til korleis heradet skal sjå ut i framtida, nytt prosjekt om tenester i heimen og leiargruppa er opptatt av digitalisering, budsjett og cybersikkerheit. 

Jubelskrika løfta nesten taket i idrettsfløyen på Voss ungdomsskule då rådmann Martin Kulild kunngjorde at Pink Panthers frå Vangen skule vann Champion-prisen under FIRST Legao League på Voss ungdomsskule torsdag. 

Championprisen går til det laget som samla gjorde best i alle kategoriane under FIRST Lego League som gjekk av stabelen på Voss Det betyr at dei gjorde det best samla i alle kategoriane under FIRST Lego League. På andre plass kom Bio Bæng frå Voss ungdomsskule, med Gullaksen frå Granvin barne- og ungdomsskule på tredje plassen.

Stort arrangement

FIRST Lego League samla 400 elevar frå Voss herad og Ullensvang kommune, pluss eit solid lag av dommarar og medhjelparar. Til saman 32 lag stilte til komnkurransen, som hadde fleire ulike kategoriar, nemleg robotkonkurranse, stand og prosjekt. Temaet for årets FIRST Lego League, som er ei konkurranse som skjer i Skandinavia, er naturmangfaldet og dei utfordringane som trugar livet på jorda. Gjennom forsking og teknologi har alle elevane jobba intenst med prosjekta sine, og fekk konkurrera under eit svært arrangement på ungdomsskulen. 

Satsar mot neste år

Dei to beste laga samla sett er kvalifisert for skandinavisk finale i Lund i Sverige, emdan dei andre vinnarane av dei ulike kategoriane alle fekk pokal, i Lego sjølvsagt, som premie for plasseringa. 

Dette var første gong FIRST Lego League er arrangert i Voss herad, men dette gav definitivt meirsmak, og det vert sjølvsagt jobba for å gjera dette også neste år. 

Heradet har fått inn sponsormidlar til arrangementet, og har takka vera eit svært god samarbeid med næringslivet i heradet fått i stand eit vellukka og godt arrangement. Og er læringsutbyttet til elevane noko likande som innsats og engasjement, må dette vera ei stor suksess. 

Prisvinnarar FIRST Lego League

Prisvinnarar FIRST Lego League
PrisVinnar2. plass3. plass
Beste standVikebygd Rangers
KjerneverdiprisenFjord og Fjas
TeknologiprisenBio FishBio BængBio Baddies
ProsjektprisenPink PanthersGullaksenVikebygd Rangers
RobotprisenLego LegendsThe Glowing Magnets
ChampionprisenPink PanthersBio BængGullaksen

 

Kva skal me bruka areala våre til?

Kommuneplanen sin arealdel no er lagt ut til høyring og offentleg ettersyn, med høyringfristen 19. desember. Arealdelen er styrande for kva areal som skal nyttast til kva i åra som kjem. Til dømes kvar det skal vera bustad, fritidsbustad, næring eller friluftsområde. 

Det vil vera faglunsj om tema knytt til arbeidet med arealdelen 9. desember. Eitt av tema er  planvask, så her kan dei som er interessert møta opp for meir informasjon. 

Det fins mykje meir informasjon om arealdelen på heimesida Status for arbeidet med kommuneplanen sin arealdel - Voss herad

Millionar til gjødsel

Forskningsmidlene for jordbruk og matindustri (FFL/JA) har gitt 15,4 millionar kroneri støtte  til prosjektet Gjødselssamvirke, eit prosjekt med partnarane BIR, Voss Virka, Hardanger Sand og kompost og NLR, med forskningspartnarane Nibio og NHH/SNF.

Prosjektet Gjødselsamvirke svarar på eit nasjonalt behov for betre utnytting av organisk gjødsel og næringsstoff til trygge, etterspurde og sirkulære produkt. Prosjektet omfattar heile verdikjeda, frå råvare og prosessering til agronomisk effekt og forretningsmodell.

BIR AS skal utvikla marknadsretta verdikjeder for sirkulære gjødsel- og jordprodukt, med særleg fokus på fast biorest og hageavfall. Målet er å dokumentera korleis desse råvarene kan omdannast til produkt med føreseieleg kvalitet, dokumentert effekt, god miljøprofil og kommersiell verdi.

Dette kan redusera importavhengigheita av mineralgjødsel, bidra til å resirkulera viktige næringsstoff som fosfor og nitrogen, styrkja jordhelsa gjennom tilførsel av biorest og auka tilgangen på rimeleg, lokalprodusert gjødsel.

Prosjektet Gjødselsamvirke er eitt av fem prosjekt som har fått tilskot gjennom ordninga Forskningsmidlar for jordbruk og matindustri.

Prosjektet tek tak i bioresten, særleg den fosforrike faste bioresten. Partnarane i prosjektet er BIR, Voss Virka, Hardanger Sand og Kompost og Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Forskingspartnarane er NIBIO og NHH/SNF.

Prosjektet har eit totalbudsjett på rett under 35 millionar kroner, der 14,5 millionar er støtte.

Kjerneteamet i Voss Virka er oppglødde over å få prov på at denne måten å arbeida på fungerer, og peiker på at når ein samlar innovasjonskrafta som finst gjennom godt samarbeid, og koplar næringsliv, offentlege aktørar og forsking, får ein resultat.

Frå leiargruppa til rådmannen

Leiargri\uppa til rådmannen har møte på tysdagane. Her er ein kort rapport frå denne vekas leiarmøte:

Digitalisering i Voss herad

Leiargruppa held fram arbeidet med digitalisering og innovasjon. Det skal utarbeidast ei felles forståing av kva digitalisering betyr i Voss herad, og det vert sett i gang eit kartleggingsarbeid for å få oversikt over status og vidare utviklingsbehov.

HMS-handlingsplan 2027–2028

HMS-handlingsplanen for 2027–2028 vart vedteken. Planen vert lagt i Compilo og distribuert i organisasjonen gjennom nyheitsbrev frå HMS-rådgjevar.

Medarbeidarundersøking

Leiargruppa stadfesta at 10-faktor framleis skal vere Voss herad sitt verktøy for medarbeidarundersøkingar. Undersøkinga vert gjennomført annakvart år, og neste gjennomføring er planlagt i mars 2027.

Informasjons- og cybertryggleik

Leiargruppa fekk orientering om status for informasjonssikkerheit og cybertryggleik i Voss herad. Arbeidet med å styrkje tryggleiken held fram i takt med den vidare digitale utviklinga. Me må få fart på ryddejobben i lokale filområde og disker. Me må og koma eit steg lenger i å følgja rutina i annskaffingar av nye system og programvare. Voss herad må jobba vidare med forvaltningsmodell av system og programvare. Dette krev ein jobb, og heile organisasjonen må vera med.

Budsjett og økonomiplan

Leiargruppa drøfta presentasjonen til Finansrådet som skal haldast torsdag 12. november. Det er viktig å synleggjere dei økonomiske utfordringane heradet står overfor, behovet for god økonomistyring og konsekvensane av aukande oppgåver og behov i tenestene.

Busetjing av flyktningar

Leiargruppa drøfta IMDi si oppmoding om busetjing av flyktningar i 2027. Det vidare arbeidet held fram, og leiargruppa tilrår eit mottak på 35 personar.

Oppfølging av Voss i Pluss 2027

Evaluering av Voss i Pluss 2027 vert følgt opp vidare. Arbeidet med omstilling og organisasjonsutvikling held fram sjølv om prosjektperioden går mot slutten.

Prosjekt tenester i heimen

Helse- og omsorgsavdelinga er i gang med eit nytt prosjekt; Prosjekt Tenester i heimen. Her skal ein sjå nærare på korleis heimetenestene er organiserte og vert drivne i dag, og korleis tenestene best kan organiserast for å møta framtidige behov og utfordringar.

Bakgrunnen for prosjektet er mellom anna behovet for å vurdera organisering, ressursbruk og framtidig tenesteproduksjon i helse- og omsorgstenestene. Målet er å finna ein tenleg og berekraftig modell for framtidas heimetenester, som legg til rette for gode og samanhengande tenester til brukarane og god bruk av tilgjengelege ressursar.

Status i prosjektet

Prosjektet er no i kartleggingsfasen. Arbeidet handlar i første omgang om å få ei samla oversikt over dagens organisering og praksis i heimetenestene i Voss herad. Dette omfattar mellom anna organisering, arbeidsoppgåver, ressursbruk, samarbeid, informasjonsflyt og kompetanse.

Medverknad frå tilsette er ein viktig del av arbeidet. Erfaringane og innspela frå dei som arbeider i tenestene, skal bidra til å gi eit best mogleg bilete av dagens situasjon.

Vidare skal prosjektet hente inn kunnskap og erfaringar frå andre kommunar, før ein går vidare med analyse og vurdering av moglege framtidige driftsmodellar.

Målet er å ferdigstille prosjektarbeidet innan Januar 2027