Nyheitsbrev 7. februar

Det er fredag, me er kome i februar og dette er stikkorda for nyheitsbrevet: Planar for utvikling av Tinghuset, barnehageutdanning, planstrategien er vedteken, fleire har tatt fagbrev, Vossabia heidra av heradsstyret og neste veke er det lunsjseminar i Bioforum, om bygginga av biogassanlegget og utviklinga dette fører med seg.

Teknisk jobbar no med prosjekt Tinghuset, som består av fleire delprosjekt. Gamlekinoen har fått løyvingar på statsbudsjettet for 2025 og 2026, og heradet ventar no på avklaring frå Vestland fylkeskommune om dei stiller med midlar til prosjektet. Med positivt svar frå fylket vil prosjektet starta opp omgåande. Målet er at Gamlekinoen skal stå klar til Vossa Jazz 2027.

I januar sendte Voss herad inn tilbod i konkurransen om lokale til Domstolsadministrasjonen på Voss, her og avventar me tilbakemelding før ein eventuell oppstart og ombygging av lokala NAV var i før. Om tilbodet vert akseptert vil det medføra endra plassering av backstage til Gamlekinoen, som i moglegheitsstudien utarbeidd av Bruket arkitektur i 2022, var lagt til same areal i Tinghus 2. Dei midlertidige arbeidsplassane må og flyttast i samband med gjennomføring av desse to prosjekta.

I tillegg vart det i 2022 starta opp eit prosjekt kalla Tinghus 2.0, som omhandlar møte mellom heradet og innbyggarane. Prosjektet fekk ein million kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune for å utforska korleis resepsjonsarealet vert utforma for å tilrettelegga for samhandling og god informasjonsflyt. I tillegg vart det i 2024 starta eit prosjekt i kommunalavdeling Helse og Omsorg som heiter Ei dør inn, der målet er å samle alle kanalar for informasjon til ein plass.  

Alle desse tre prosjekta forheld seg hovudsakleg til 1. etasje på Tinghuset, men vil påverka resten av huset med tanke på flytting av nokre arbeidsplassar og møterom. 

I samband med VossiPluss 2027 ynskjer ein i tillegg å sjå på korleis ein disponerer heile Tinghuset, med potensiale om å optimalisera areal og rigga seg for meir samhandling. Det vil verta medverknad med tilsette og tillitsvalde i forbindelse med dette arbeidet. 
Tinghusprosjektet vil gå over tid med arbeidsgrupper og medverknad. I løpet av våren er målet å lyse ut ei moglegheitsstudie som kan vise visjonar for bygget på kort og lang sikt. 

Me ser at Tinghuset er navet i mykje av kommunen sitt arbeid, og har potensiale til å styrkast med samarbeid og samhandling der ein inviterer fleire inn og opnar 1. etasje meir for offentlegheita. I prosjektet vil ein oppretta ulike pilotprosjekt der ein kan testa ut løysingar og byggja kunnskap og ny kultur. I dag står huset mykje tomt på ettermiddag, kveld og helg. Eit overordna mål i heradet er å nytta bygga våre så mykje som råd, der ein sambrukar og deler på areal så langt det let seg gjera.
Utvikling av Tinghuset og funksjonane som ligg her, må og sjåast opp mot andre kommunale bygg og funksjonar. Det vert viktig å sjå den store heilskapen i kommunale tenester, og reindyrka funksjonar slik at ein ikkje har same funksjonar i fleire bygg som såleis kan svekka kvarandre. 

I perioden framover vil det verta utført kartlegging av bruk og behov på Tinghuset. Her vil ein få oversikt over eventuell ledig kapasitet og kvar det er for lite plass. 

Bli barnehagelærar

Til hausten startar det opp desentralisert barnehagelærarutdanning i regionen vår, mellom anna med studiestad på Voss. 
Det er Hardanger, Voss og Kvinherad Studiesenter, som i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet som tilbyr utdanninga. 
Studiet varar i fire år, og er eit deltidsstudium med eit omfang på 75 prosent. Det er basert både på samlingar og nettstudier, og praksis vert lagt til ein barnehage nær der du bur, så langt dette er mogleg. 
Fristen for å søkja er 1. mars, og du kan lesa meir om studiet, opptak og anna her: 
Barnehagelærar - HVK Studiesenter
 

Nye fagbrev

Fredag 24.januar fekk me vera med å feira nye fagarbeidarar. Ordførar delte ut fagbrev til dei oppmøtte denne kvelden. Opplæringskontoret for Indre Hordaland sine medlemsbedrifter hadde totalt 42 nye fagbrev i 2024, der helse og omsorg i Voss herad hadde totalt 9 av 9 med nye fagbrev. 

Lunsjseminar

Torsdag 13. februar er det lunsjseminar i regi av Bioforum på Bjørkemoen og huben på Voss. 
Bygginga av biogassanlegget er i full gang, larvar har flytta inn det vert arbeidd i kulissane med å få fleire til etablera seg og verta ein del av denne symbiosen. 
Kartet over kven som bør vera med bør vera tydelegare, og forumet ynskjer no å invitera dei som er interesserte, lurer på om dei er interesserte eller har ambisjonar for korleis næring, matproduksjon, landbruk og avfall skal fungera saman i 2050. Invitasjon om meir informasjon finn du her: Bioforum - velkomen til lunsjseminar

Planstategien er vedteken

Heradsstyret vedtok Planstrategi 2024 – 2027 i desembermøtet. Planstrategien gjev oversikt over utfordringsbiletet vårt og syner kva planar som skal utarbeidast i Voss herad regi dei neste fire åra. Planstrategien finn du her:  Planstrategi 2024 – 2027 - Voss herad
Det er mange rundt om kring i organisasjonen som no skal i gang med å utforma planar, somme kanskje for aller fyrste gong. Difor har stabsavdeling Styring og analyse lagt til ein støtteprosess i Compilo til hjelp i arbeidet. Her finn du alt frå overordna informasjon, du ser gangen i planprosessen og kan finna  «tips & ttriks», sjå her:  Planarbeid - Compilo Planarbeid - Compilo 

I tillegg startar Planorama opp att. Planorama samlar alle prosjektleiarane som har ansvar for utarbeiding av planar i tråd med Voss herad sin planstrategi. Formålet med Planorama er å skapa best mogeleg flyt i dei mange planprosessane i Voss herad. Gruppa fungerer som eit treffpunkt for prosjektleiarane der dei kan samarbeida, sparra og skapa gode felles medverknadsprosessar. Ta kontakt med leiaren din dersom du tenkjer det vil vera nyttig for deg å komma med i Planorama.

Vossabia heidra av heradsstyret

I heradsstyremøtet torsdag var Vossabia heidra av ordføraren med blom og gode ord. Bakgrunnen er at vossaverksemda i Vestbygdi i januar gjekk heilt til topps, og vann bedriftsutviklingsprisen for landbruket, den nasjonale innovasjonsprisen til Innovasjon Norge, for 2024. Det er Renate Lunde som driv Vossabia, som lagar hud- og hårpleieprodukt basert på lokale og økologiske råvarer som er tilgjengelege på garden. Til dømes honning, bivoks og ville urter. - Det som mange kallar ugras, seier Renate Lunde sjølv. 

Vossabia har gjennom god marknadsføring og spennande produkt nådd ut til 100.000 kundar og 120 forhandlarar over heile landet, og har ein imponerande vekst og gode økonomiske resultat. 

I heradsstyret takka Renate Lunde for merksemda, og fortalde at verksemda har inne søknad om å byggja nytt bedriftsbygg for å løfta verksemda vidare. 

Vossabia sysselsett ei rekkje tilsette, nokre var med til heradsstyret for å få vel fortent heider.