Bli privat avlastar

Vil du gjera ein stor forskjell for nokon? Er du god på å skape relasjonar og ynskjer å opne heimen din for andre? Bli privat avlastar for born og unge som har nedsett funksjonsevne!

Å vera privat avlastar

Som privat avlastar opnar du heimen din for eit barn som har behov for tryggleik, stabilitet og omsorg. Dette gjev pårørande rom for kvile og fritid.

Kva er privat avlasting?

Privat avlasting er eit kommunalt tilbod om pårørandestøtte, der familiar kan få avlasting i kvardagen eller i periodar med ekstra behov.

Løn

Du vert løna i tråd med vedtak som vert fatta ut frå kor stort behov familien har for avlastning. Behovet kan variera, til dømes: 

  • enkeltdagar
  • føremiddag/ettermiddag
  • helgeavlastning 
  • kortare dagar

Satsane følgjer KS sine tilrådde satsar og gjeld for 2026.

Lønsatsar 2026

Løn privat avlastar
Type lønSats
Timeløn112 kroner per time

Utgiftsdekning

I tillegg får du dekt utgifter for barnet. Satsen kjem an på alderen til barnet:

Utgiftsdekning privat avlastar
0-6 år6-10 år10 år og eldre
244 kr per barn per døgn284 kr per barn per døgn326 kr per barn per døgn

Ta kontakt

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale dersom dette kan vera noko for deg!

E-post: may.e.bolstad@voss.herad.no
Telefon: 97 05 03 63

Kontakt

Villa Gjerdebu
Avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne
E-post
Telefon 97 05 03 63

Adresse

Ringheimsvegen 212
5710 Skulestadmo

Opningstid

Redusert drift jul, nyttår og påske, samt delar av sommaren.