Avlasting

Avlasting er eit tilbod til pårørande med særleg krevjande omsorgsoppgåver. Målet er å gje deg som omsorgsperson nødvendig pause, redusere belastninga i kvardagen og gje moglegheit for ferie, kvile og deltaking i sosiale aktivitetar.

Kva type avlasting kan du få?

Avlasting kan bli gitt på ulike måtar:

  • i heimen eller utanfor heimen
  • som timebasert hjelp, dagtilbod, helgetilbod eller korttidsopphald på sjukeheim
  • i form av besøksheim, avlastningsheim, helgeopphald i avlastingsheim, eller heimehjelp

 

Kven er tilbodet for?

Avlasting er for deg som: 

  • har ansvar for ein person med omfattande pleie- og omsorgsbehov
  • utfører oppgåver som elles ville vore kommunen sitt ansvar
  • har omsorgsoppgåver som er fysisk eller psykisk belastande
  • har nattarbeid eller opplever avbroten nattesøvn

Kommunen vurderer behovet ditt ut frå omfanget og belastninga av omsorgsarbeidet.

 

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

 

Lover og reglar

Du har rett til nødvendige helse- og omsorgstenester frå kommunen.