Barnebustad – avlasting for born og unge

Barnebustaden er eit tilbod til born og unge med store funksjonsnedsetjinga eller alvorleg sjukdom. Målet er at barnet skal få eit godt og meiningsfullt liv, og at familien får den støtta dei treng.

Kva hjelp kan du få?

  • Omsorg og pleie i trygge og tilpassa bustader
  • Hjelp til at barnet får ein god og meiningsfull kvardag
  • Avlasting for foreldre og andre med krevjande omsorgsoppgåver
    • Høve til kvile, ferie og å vera med i samfunnet
    • Støtte til å halda kontakt med familie og nettverk
       

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for:

  • Born og unge med alvorlege funksjonsnedsetjingar eller sjukdom som treng mykje oppfølging
  • Familiar som har tunge omsorgsoppgåver og treng avlasting
  • Born med nedsett funksjonsevne som har rett på ekstra omsorg og tilpassa hjelp
     

Barnebustad eller avlastningsbustad?

Kommunen har to typar tilbod:

  • Barnebustad
    Når barnet bur fast utanfor heimen. Dette gjeld born med stort behov for omsorg.
  • Avlastningsbustad
    Når barnet bur heime, men er i bustaden i periodar for å gje familien avlasting.
     

Kvar held me til?

Me held til i eit moderne bygg på Skulestadmoen. Bustaden har to etasjar med tilpassa rom for born og unge.
 

Fristar for å søkja

  • Planleggingsdagar i skuleåret:
    Søknadsfrist innan utgangen av september
  • Sommaravlasting:
    Søknadsfrist 1. mars
  • Anna avlasting:
    Søknadsfrist minst tre månader før opphald
     

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

Kontakt

Villa Gjerdebu
Avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne
E-post
Telefon 97 05 03 63

Adresse

Ringheimsvegen 212
5710 Skulestadmo

Opningstid

Redusert drift jul, nyttår og påske, samt delar av sommaren.