Bli støttekontakt

Har du litt tid til overs? Vil du gjera ein forskjell? Ynskjer du å bidra til auka livskvalitet for nokon som treng støtte i kvardagen? Me treng støttekontaktar i alle aldrar og livssituasjonar – kanskje er det deg me ser etter.

Kva vil det seia å vera støttekontakt?

Som støttekontakt hjelper du eit anna menneske til å få eit meir sosialt og aktivt liv. Du kan:

  • besøka nokon som ikkje kjem seg ut på eiga hand
  • vera med på fritidsaktivitetar
  • bidra til meistring og trivsel i kvardagen

Kva de gjer saman, blir avtalt ut frå ønskje og behov hos den du er støttekontakt for.

Kvifor bli støttekontakt?

Som støttekontakt får du:

  • løn frå kommunen
  • ei meiningsfull rolle i eit anna menneske sitt liv
  • erfaring som er fin å ha med på CV-en
  • høve til å bidra med noko viktig – på dine eigne premissar

Kva krevst for å bli støttekontakt?

For å bli støttekontakt må du:

  • som hovudregel vera over 18 år
  • kunne leggje fram politiattest

Du treng ingen spesiell fagleg bakgrunn. Kommunen gir opplæring og oppfølging.

Kva ser me etter?

Me ser etter deg som:

  • er sosialt engasjert
  • har evne til å finne på aktivitetar
  • finn glede i å hjelpe andre
  • kan binde deg over ein lengre periode – for å skape stabilitet for brukaren

Kven passar du saman med?

Når me rekrutterer støttekontaktar, legg me vekt på å finne ei god match. Interesser, alder, kjønn, personlegdom og erfaring kan spele ei rolle. Målet er å ta omsyn til ynskje og behov hjå brukaren, og skapa eit trygt og godt samarbeid.

Løn

Satsane følgjer KS sine tilrådde satsar.

Lønsatsar

Støttekontakt løn
TimelønSats 2026
Individuell støttekontakt188 kr
Gruppe støttekontakt207,23 kr

Slik kjem du i gang

Kontakt

Støttekontakttenesta
Avdeling for førebygging og rehabilitering
E-post
Telefon 91 87 42 19

Støttekontaktkoordinator: Liv Finne Nybø

Besøksadresse

Uttrågata 15

Opningstid

Måndag–fredag kl. 09.00-15.00

Postadresse

Voss tinghus
Uttrågata 9, Postboks 145
5700 Voss