Søk helse- og omsorgstenesterNår du søkjer om helse- og omsorgstenester, finn me i lag med deg ut kva du treng, og kva tilbod som passar best. Sist endra 13.05.2026 10.56 Kven kan få tenester?Voss herad har eigne reglar (tildelingskriteria) for å vurdera:kven som har rett på tenesterkva tenester du kan fåReglane skal sikra at alle vert behandla likt og etter lova. Dei vert vedtekne politisk og oppdaterte jamleg.Sjå tildelingskriteria (PDF, 3 MB)Nokre tenester treng du ikkje å søkja om. Du finn oversikt nedst på sida. Slik søkjer duDu treng ikkje vita nøyaktig kva du skal søkja om. Fyll ut eit generelt skjema og forklar:kva du treng hjelp tilkva behov du harSøk digitalt:Søknadsportal Søk på papir:Søknadsskjema (PDF, 133 kB) Søkja for andreAndre kan søkja for deg om du ikkje klarar det sjølv. Då må det vera med ei fullmakt. Fullmaktskjema (PDF, 45 kB) Etter at du har søktMe vurderer søknaden saman med deg og finn ut som passar best. Når me har fått søknaden din, gjer tenestene der du bur dette:hentar inn nødvendig informasjonsnakkar med deg for å kartleggja behovkan koma på heimebesøk om det trengstgjer ei fagleg vurdering og skriv vedtakDu får skriftleg svar innan fire veker.Denne måten å jobba på gjer at me kjem tettare på deg og kan gje rett hjelp til rett tid. Klage på vedtakDu kan klaga innan fire veker etter at du har fått vedtaket. Klagen må forklara:kvifor du klagarom det er nye opplysningar eller dokumentDu finn informasjon om korleis du klagar i vedtaket. Andre kan klaga for deg med fullmakt.Klage på lovpålagde tenester → StatsforvaltarenKlage på andre tenester → klagenemnda i Voss herad Treng du hjelp?Har du spørsmål, treng hjelp til å søkja eller klaga, eller lurer på rettane dine? Ta kontakt med Forvaltning av helse- og omsorgstenesterTilbod du ikkje treng å søkje omDesse tilboda kan du bruka utan å senda søknad:HjelpemiddelHeimerehabiliteringFørebyggande heimebesøk 80+Gruppetrening med fysioterapeutFysioterapiAktivitetar for godt vaksneEldrelosHelsestasjon for eldreErgoterapi KreftkoordinatorDemenskoordinatorFriskliv og meistringDagtilbod - psykisk helseHjelpetelefon psykisk helse og rusGruppetilbod - fellesskap og aktivitetKommunepsykologFastlegeHjelpetelefon vald og overgrep