KommunepsykologaneKommunepsykologane skal bidra til å løfta kompetansen på psykisk helse i heradet, og jobbar mellom anna med: Undervisning, kompetanseheving og rettleiing Arbeid på systemnivå med førebygging, helsefremjing, tenesteutvikling og kommunalt planarbeid. Samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta Kurstilbod i samarbeid med Friskliv og meistring (Friskliv og meistring - Voss herad) Klinisk lågterskeltilbod Kommunepsykologane sitt kliniske lågterskeltilbod er meint å vera eit kortvarig tilbod til personar med milde til moderate psykiske plager og lidingar. Pris Tenesta er gratis Kontakt Kontakt fastlege eller helsesjukepleiar for tilvising Akutt psykisk helsehjelp Kommunepsykologane har ikkje akuttfunksjon. Viss du treng akutt psykisk helsehjelp, ta kontakt med din fastlege, eller legevakt utanom ordinær arbeidstid (tlf: 116 117). Ved livstruande tilstander ring 113. Ressursar på nett: Sjølvhjelp: Sjå gjerne desse sjølvhjelpsvideoane viss du strever med søvnvanskar, angst, eller depresjon: Kognitiv terapi - NHI.no Les meir om psykisk helse og levevanar her: Psykisk helse og levevaner - Rådet for psykisk helse Ressursar for foreldre: Foreldrehverdag (bufdir.no) Andre nyttige nettressursar: Følelseskompasset (folelseskompasset.no) Rådet for psykisk helse ROS - Rådgivning om spiseforstyrrelser - nettros.no