Fastlege

Fastlegen er din hovudkontakt inn i helsetenesta. Fastlegen skal gje deg den helsehjelpa du treng, følgja deg opp over tid og visa deg vidare til spesialist eller andre tenester om det trengst.

Korleis finna eller byta fastlege?

Du kan:

  • finna og byta fastlege på helsenorge.no
  • sjå om fastlegen har ledig plass
  • setja deg på venteliste om det ikkje er ledig plass

Du treng ikkje tilvising for å byta fastlege. Det er gratis å byte inntil to gongar per kalenderår.
 

Viktig å vita

  • Du må vere folkeregistrert i ein norsk kommune for å ha rett til fastlege
  • Du kan velja fastlege i ein annan kommune enn der du bur
  • Har du ikkje valt fastlege, får du ein tildelt automatisk
     

Legekontor i Voss herad

Voss legekontor

Vossevangen legesenter

Bygdelegane

Sæthre legekontor

 

Lover og reglar

Alle som er folkeregistrerte i ein norsk kommune har rett til fastlege gjennom fastlegeordninga.