Hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel for å meistre kvardagen? Voss herad hjelper deg som har behov for hjelpemiddel - anten for ein kort periode eller over lengre tid.

Kor låner du hjelpemiddel?

Du kan låna hjelpemiddel frå det kommunale hjelpemiddellageret når du har behov for hjelpemiddel i ein kortare periode.

Dersom du har behov for hjelpemiddel over lengre tid, kan du ta kontakt med ergoterapitenesta. Dei hjelper deg med å søkje hjelpemiddel frå NAV Hjelpemiddelsentral.

Kva kan du låne?

Du kan mellom anna låne:

Slik får du hjelpemiddel levert eller henta

Hjelpemiddellageret kan levere og hente hjelpemiddel heime hjå deg dersom du treng det. Dette gjer det enklare for deg som har utfordringar med å hente hjelpemiddel sjølv. Du kan òg hente og levere hjelpemiddel sjølv utan kostnad.

For å avtale levering eller henting, tek du kontakt med hjelpemiddellageret.

Pris for levering og henting

Levering og henting av hjelpemiddel
TenestePris 2026
Levering og henting av hjelpemiddel135kr/hjelpemiddel

Prisen er årleg politisk vedteken av heradsstyret.

Reparasjon eller skada hjelpemiddel?

Har du eit hjelpemiddel som er øydelagt eller treng reperasjon, tek du kontakt med hjelpemiddellageret.

Dette gjeld både for hjelpemiddel lånte frå kommunen og for hjelpemiddel du har lånt frå NAV Hjelpemiddelsentral over lengre tid.

Kontakt

Hjelpemiddellageret
Avdeling for førebygging og rehabilitering
E-post
Telefon 99 20 71 01

Opningstider

Tysdag og torsdag kl. 08.00-15.00

Adresse

Vossabygg
Vadet 11

Ikkje send personsensitiv informasjon på e-post.

Ergoterapitenesta
Avdeling for fysio- og ergoterapi
Telefon 95 26 20 04

Adresse

Hagahaugvegen 30