Heimehjelp - Praktisk bistand

Praktisk bistand er for deg som treng hjelp i kvardagen på grunn av alder, sjukdom eller nedsett funksjon.

Kva hjelp kan du få?

Heimehjelpa kan hjelpe deg med:

  • reingjering
  • klesvask
  • byte av sengetøy
  • rettleiing og støtte slik at du klarar deg best mogleg sjølv

Me ser på i lag med deg kva du treng hjelp til, og kor mykje du klarar sjølv.
 

Kva kan me hjelpe med, og kva må du ordna sjølv?

Du gjer det du klarar sjølv. Dersom bustaden er svært skitten, må den vaskast før me kan starta opp tenesta. Me kan hjelpe deg med å bestille vask frå private firma dersom du ønskjer det.

Heimehjelpa dekker ikkje alle typar oppgåver. Til vanleg utfører me ikkje:

  • stryking av klede, baking, klargjering til høgtider
  • reingjering over skulderhøgd, i rom som ikkje er i bruk eller storreingjering
  • bosslevering
  • hagearbeid
  • rydding og oppvask etter friske gjester eller pårørande
  • hjelp med kjæledyr
  • flytting av møblar
  • bruk eller handtering av bankkort eller kontantar

Nokre oppgåver kan avtalast i særskilde tilfelle, til dømes dersom du bur åleine og ikkje har pårørande i nærleiken.
 

Kven er tilbodet for?

Heimehjelp er for deg som:

  • har nedsett funksjon og treng hjelp i kvardagen
  • er heilt eller delvis avhengig av hjelp frå andre
  • er over 18 år og bur heime
     

Pris

Du finn informasjon om prisar her: Kommunale prisar
 

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

 

Slik vurderer me søknaden din

Når du søkjer, vurderer me mellom anna:

  • korleis du bur - om du bur åleine eller saman med andre, og om nokon kan hjelpe deg
  • om du har besøk over lengre tid som kan bidra med hjelp
  • om bustaden kan tilpassast slik at du klarar meir sjølv
     

Kva forventar me av deg?

For at tenesta skal fungera godt, forventar me at du:

  • les vedtaket og ser kva du har fått innvilga  
  • er heime når heimehjelpa kjem (gi beskjed seinast dagen før om du ikkje kan)  
  • hugsar at heimen din er ein arbeidsplass og bidreg til eit trygt arbeidsmiljø  
  • har vanleg reingjeringsutstyr tilgjengeleg  
  • gir beskjed om endringar så tidleg som mogleg  
  • legg til rette for at heimehjelpa kan jobba trygt og effektivt  
  • unngår besøk medan me gjer reint  
     

Lover og reglar

Heimehjelp er behovsprøvd. Du må ha eit reelt behov for hjelp, og vedtaket gjeld for ein avgrensa periode.

Kontakt

Heimetenesta
Heimesjukepleie og heimehjelp

Område Vest

Telefon: 952 62 008
Voss sjukeheim
Sjukehusvegen 15

Område Aust

Telefon: 952 62 077 (08-11, 13-14)
Heimehjelp: 992 07 182
Vetleflaten omsorgssenter
Hardangervegen 49

Område Nord

Telefon: 952 62 078 (kl. 07:30-22:00)
Vossestrand omsorgstun
Oppheimsvegen 35

Område Sør

Heimesjukepleie: 404 03 876 
(Heile døgnet, heile året)
Heimehjelp: 404 03 861 / 915 86 314
Granvin sjukeheim
Eidesvegen 24

Nattevakt

Telefon: 962 62 008