Skulane og barnehagane arbeider systematisk for å fremja gode relasjonar, førebyggja krenkingar, mobbing, vald, diskriminering og utanforskap. Barna og elevane skal oppleva at dei vert høyrde og tekne på alvor, og alle vaksne som arbeider i barnehage og skule har plikt til å fylgja med, gripa inn og handla dersom nokon ikkje har det trygt og godt.
Dersom eit barn, eller ein elev, opplever misstrivsel eller krenkingar, skal barnehagen eller skulen, undersøkja saka og setja inn naudsynte tiltak så raskt som mogleg.
Retten til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø er forankra i Lov om barnehager (barnehageloven) , kapittel 8, og i Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) , kapittel 12.
Kva gjer du dersom eit barn ikkje har det trygt og godt?
Er du bekymra for at eit barn, eller ein elev, ikkje har det trygt og godt i barnehagen eller på skulen? Då er det viktig at du tek kontakt så tidleg som mogleg. Føresette, barn, elevar og andre kan melda frå om uro når dei opplever, eller får kjennskap til, mobbing, krenkingar, utanforskap, vald, diskriminering eller andre forhold som påverkar trivsel og tryggleik.
Melding kan gjevast til:
- Pedagogisk leiar, kontaktlærar eller andre tilsette
- Styrar eller rektor
Når skulen eller barnehagen får melding om uro, skal dei undersøkja saka, og vurdera kva tiltak som er naudsynte for å sikra at barnet eller eleven får det trygt og godt. Barnet, og dei føresette, skal bli høyrd og involvert i dette arbeidet.
Føresette sitt medansvar
- Føresette er dei viktigaste omsorgspersonane i barnet sitt liv, og har ei sentral rolle i å skapa eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Eit godt samarbeid mellom heim, barnehage, eller skule, er viktig for at barn og elevar skal oppleva trivsel, tryggleik og tilhøyrsle.
- Føresette kan bidra ved å visa interesse for barnet sin kvardag, snakka positivt om fellesskapet, oppmuntra til respekt for andre og samarbeida med barnehagen eller skulen når utfordringar oppstår. Dersom føresette opplever eller får kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt, er det viktig å ta kontakt så tidleg som mogleg. Open dialog og godt samarbeid gir dei beste føresetnadene for å finna gode løysingar til beste for barnet.
- Heim, barnehage og skule har eit felles ansvar for å skapa inkluderande fellesskap der alle barn og elevar opplever respekt, omsorg og meistring.
Kontaktinformasjon til barnehage eller skule
Barnehagane i Voss - Voss herad
Skulane i Voss herad - Voss herad
Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du tek kontakt. Dersom du er uroa, ynskjer me at du melder frå. Det er betre å seia frå ein gong for mykje enn ein gong for lite.