Voss Herad

Samlesider om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

Information about covid-19, corona, in different languages: Lenke til FHI sin informasjonsside om koronavirus på fleire språk

Bjørgum skule

Bjørgum skule

Visjon - Skulen skal gje kunnskap og kompetanse til elevane, slik at dei kan ta kloke val og meistra livet sitt på ein god måte, no og i framtida.

Klikk for stort bilete Bjørgum skule er ein barneskule, 7 km frå Voss sentrum, med omlag 150 elevar, og kring 20 tilsette.

Skulen disponerer kunstgrasbane og ballbinge, amfi med scene, samt andre aktivitetar som bordtennis, balanseøvingar, klatretau, turnstativ og sosial sone med bord og benkar. Skulen har over tid opparbeida seg eigen musikkbinge som inneheld øvingslokale og ulike instrument. Musikkbingen vert systematisk brukt både i musikkundervising, tilstellingar, samt øvingar etter skuletid. Mykje av uteområdet er planlagt og gjennomført i eit samarbeid mellom skulen og FAU/foreldra.

Satsingsområder i Vossaskulen

Vossaskulen arbeidar kontinuerlig med kvalitetsutvikling for å skapa gode tenester for brukarane våre.

Skulane i Voss herad arbeidar no med implementering av ny læreplan. Eit anna hovudsatsingsområde er digitalisering. Målsetjinga vår er at me innan 2021 skal ha 1:1-dekning med læringsbrett eller PC til alle elevar i Voss herad etter oppsett plan.

Bjørgum skule tilbyr leksehjelp for elevar i 2.- 4.trinn.

 

Informasjon kring SFO

Kontakt

Arnstein Ringheim
E-post
Telefon 918 74 233

Adresse

Tjørnahaugane 60

5709 Voss

Telefon: 56 51 76 94

Telefon SFO: 948 78 252

Epost: bjorgum.skule@voss.kommune.no

Opningstider

SFO
SFO
Før skuletid Etter skuletid
07:30 - 08.30 13:45 - 16.15