Vedtekter for den kommunale skulefritidsordninga i Voss herad
SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod for born i 1.-4. klasse. Ordninga er foreldrebetalt. SFO er også eit tilbod til born med særskilde behov i 5.-7. klasse, utanom den ordinære skuletida. Frå 1.8.20 er ordninga for 5.-7.klassingar gratis.
Innhaldet i SFO skal bera preg av borna si trong for opplevingar, leik og omsorg. SFO skal ha fokus på å fremja sosial læring og drivast i samsvar med skulen si målsetjing.
Skulefritidsordninga skal gje elevar i 1.-4. klasse eit trygt og utviklande fritids- og omsorgstilbod knytt til skulen. For born med særskilde behov, kan tilbodet utvidast til 7.klasse.
§ 1 Eigartilhøve
Vedtektene gjeld for dei kommunale skulefritidsordningane i Voss herad.
Rådmannen kan gjera mindre endringar av vedtektene som ikkje er av prinsipiell karakter. Utval for levekår kan og gjera endringar i vedtektene som ikkje bind heradet økonomisk ut over desse vedtektene.
Endringar i vedtektene som fører til endra rammer og/eller økonomiske konsekvensar skal avgjerast av heradsstyre.
§ 2 Lovverk og forvaltning
Skulefritidsordningane skal drivast i samsvar med «Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæring §13.7». SFO i Voss herad er kommunal og skal drivast i samsvar med gjeldande lover, føresegner og kommunale vedtak.
§ 3 Opptaksmynde
Opptaksmynde ligg hjå kommunalsjef for Oppvekst i Voss herad, delegert til rektor på kvar skule som har SFO.
Det kan klagast på vedtak jf. Forvaltningslova §§28 og 29. Klagefrist er 3 veker.
§ 4 Opptakskriterium
Barnet skal som hovudregel få tilbod om plass på skulefritidsordninga på den skulen barnet går på. Førerett til opptak i prioritert rekkefølgja:
1. Born med særskilde behov 1.-7. klasse.
2. Yngre born går føre eldre.
3. Born av einslege forsørgjarar.
4. Born som vert følgd opp av integreringstenesta som er for gamle for SFO, men som av ulike årsaker ikkje kan vera heime åleine.
§ 5. Opptaksperiode og oppseiing av SFO-plassen
Opptak: Søknad om opptak vert skrive på eige skjema som ein finn på heimesida til heradet.
Påmeldingsfrist for komande skuleår er 1. mars. Ved søknad om SFO-plass etter 1. mars, vert desse tildelt ved ledig kapasitet. Heradet kan velje å ikkje oppretta eller avvikla tilbodet dersom barnetalet per dag kjem under minstepåmeldinga, færre enn 8 barn.
SFO-plassar kan seiast opp eller endrast fram til 31.januar. Det er to - 2 månadars varsel ved oppseiing/endring av plass. Ved søknad om auka SFO-plass er dette avhengig av ledig kapasitet og skjer i samråd med rektor på den einskilde skule.
Ved oppseiing etter 1. februar må ein betale for plassen ut skuleåret.
§ 6. Foreldrebetaling
Betaling for opphald blir etter dei satsar som til ein kvar tid er fastsett av heradsstyret. Betalinga vert fakturert 11 gonger per år. Juli er betalingsfri månad.
Det kan veljast SFO-tilbod som heil plass, med fem dagar per veke, eller plass tre dagar per veke.
For elevar med innvilga SFO-tilbod etter særskilde behov i 5. - 7. klasse, er tilbodet gratis.
For føresette med låg inntekt er det redusert foreldrebetaling for elevar i 1. - 4. klasse. Betalinga ikkje skal overstiga 6 % av samla personal- og kapitalinntekt.
Den føresette som søkjer SFO-plass, vil få faktura og vert ansvarleg for betaling av denne. Dette gjeld også ved delt omsorg.
Dersom barnet skal ha leksehjelp som ein del av skulefritidsordninga, skal det ikkje betalast for denne tida etter føresegna i Opplæringslova § 1 A-1. Det vert gjort fråtrekk i foreldrebetalinga for desse timane etter 1. januar, for hausthalvåret og etter 1.april for vårhalvåret.
Ved 2 månader uteståande betaling, vert plassen seiast opp med ein månads skriftleg varsel.
Det er ikkje syskenmoderasjon på SFO.
§ 7 Leike- og opphaldsareala
Lokala og uteområda skal vera utforma og innreidd i tråd med «Forskrift om miljøretta helsevern i barnehager og skoler m.v., kapittel III, spesielle bestemmelser».
Mellom anna skal areala gje moglegheit for både aktivitet og kvile, gje moglegheiter for å ta vare på måltida sin sosiale funksjon og ta vare på funksjonshemma sine behov.
SFO har eigen base med tilgang til kjøkken. Elles nyttar SFO hensiktsmessige rom og uteareal, inventar og utstyr i sambruk med skulen.
§ 8. Dagleg opphaldstid og årlege opningstider
SFO-året vert rekna frå 15. august til og med 14. august.
Opningstider: Ordinær SFO er ope måndag – fredag 38 veker i skuleåret.
SFO har ikkje ope dei dagane skulen har planleggingsdagar.
Dagleg opningstid er til vanleg 8,5 timar, men skal tilpassast den einskilde skule sitt behov
Utvida SFO-tilbod: I Voss herad har utvida SFO-tilbod. Utvida SFO er open i haustferien, i vekedagar før jul tom. 23. desember, i vinterferien og i sommarferien unnateke 4 veker i juli. Det er krav om minimum 10 påmelde born for at skulen skal kunne tilby utvida SFO-ordning.
§ 9 Bemanning og leiing
Rektor ved den einskilde skulen har det overordna administrative og faglege ansvaret for skulefritidsordninga og har ansvar for at SFO går inn i ein heilskap med skulen. SFO skal vera bemanna slik at tryggleiken til den einskilde til ein kvar tid er ivareteke. Samarbeidsutvalet (SU) ved skulen er styringsorgan for skulefritidsordninga.
SU bør drøfta opplegg for skulefritidsordninga minst ein gong i året. Skulefritidsordninga bør til vanleg vera representert i SU ved ein av dei tilsette. SU avgjer om det også skal veljast eigen foreldrerepresentant til SU.
Skulefritidsordninga skal ha, under rektor, ein leiar med ansvar for den daglege drifta. Denne skal ha relevant utdanning.
SFO skal ta utgangspunkt i elevane sine spesielle behov og vera prega av kvalitet og tryggleik. Heradet har ansvar for å skapa gode rammevilkår gjennom retningslinjer for organisering og rammer for drifta.
Normalt skal SFO vera bemanna med 1 vaksen pr. 10 born, avhengig av alder og gruppesamansetting. Med funksjonshemma born i SFO, skal bemanninga kunne aukast. Tid til samarbeid, leiing og planlegging kjem i tillegg.
Opptak til SFO pr. 1.mars vil vera retningsgjevande for personaltrongen.
Teieplikt: Dei tilsette i skulefritidsordninga, administrasjonen og alle som får innsyn som gjeld SFO gjennom utval og verv, har teieplikt vedkomande personopplysningar dei i kraft av si stilling/ombod vert kjende med, etter forvaltningslova §13 med utfyllande føresegner.
§ 10 Lokale vedtekter
Det vert fastsett lokale vedtekt er for den enkelte skulefritidsordning i Voss herad. Desse vert drøfta i skulen sitt samarbeidsutval og er vedlegg til årsmeldinga til skulen.
Vedtektene skal innehalda vedtak om:
· lokale opningstider/-dagar
· lokal organisering og bemanning
· bruk av inne- og uteareal
· bruk av inventar og utstyr
· organisering kring måltid
· samarbeid skule/SFO
· foreldresamarbeid
· eventuelle vedtak som følgje av lokale tilhøve
Administrasjonen har fullmakt til å gjera endringar i vedtektene som følgje av statlege pålegg/endringar i regelverk.
Vedtektene er vedteke i Voss heradsstyre 7.mai 2020 sak 44/20 og gjeld i frå 01.august 2020.