Realkompetansevurdering

Realkompetansevurdering (RKV) er ei vurdering av den kompetansen du allereie har.

Kompetansen kan vera frå:

  • skule og utdanning
  • arbeid og praksis
  • kurs og opplæring
  • frivillig arbeid
  • erfaring frå kvardagsliv og andre arenaer

Det spelar ikkje noko rolle kvar eller korleis du har lært det. Det viktige er kva du kan.

Kven kan få realkompetansevurdering?

Dersom du har rett til førebuande opplæring for vaksne (FOV), har du også rett til å få realkompetansen din vurdert og dokumentert.

Voss vaksenopplæring skal vurdera behovet for realkompetansevurdering saman med deg. Du treng ikkje sjølv å vita om du bør ha RKV før du tek kontakt med oss.

Søknadsskjema om realkompetansevurdering (DOCX, 182 kB)

Kva kan realkompetansevurdering brukast til?

Realkompetansevurdering kan mellom anna brukast til å:

  • finna ut kva modul du skal starta på i FOV
  • dokumentera kompetanse du allereie har
  • få godkjent heile eller delar av fag eller modular
  • planleggja vidare opplæring
  • dokumentera kompetanse for vidare utdanning eller arbeid

Korleis skjer vurderinga?

Før vurderinga får du informasjon og rettleiing om kva RKV er og korleis prosessen går føre seg.

Vurderinga kan byggja på fleire typar informasjon, til dømes:

  • samtale
  • CV og dokumentasjon frå skule eller kurs
  • arbeidserfaring og praksis
  • faglege oppgåver
  • praktiske aktivitetar
  • andre måtar du kan visa kva du kan på

Kompetansen din blir vurdert opp mot gjeldande kompetansemål i læreplanane.

Du kan få tolk dersom du har behov for det.

Etter vurderinga

Du får eit skriftleg vedtak som viser resultatet av realkompetansevurderinga.

Vedtaket skal forklara kva som er vurdert og resultatet av vurderinga. Du får også informasjon om klageretten din.