Følgjekort

Med følgjekort kan kan du ta med deg ein person gratis på aktivitetar og reiser.

Kva er følgjekort?

Eit følgjekort gjer at du kan ha med deg følgje på kultur- og fritidsarrangement og på transport der ordninga vert godteken.
Den du har med deg, kjem gratis inn. Du betalar vanleg pris.

 

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for deg som har nedsett funksjonsevne eller sjukdom og treng hjelp eller følgje for å vera med på aktivitetar.

Sjå tildelingskriteria for følgjekort (PDF, 3 MB)

 

Slik søkjer du

Du kan søkja på to måtar:

Dette må du leggja ved:

  • Bilete av deg som skal ha følgjekortet
  • Dokumentasjon på behov for følgje frå lege, spesialist eller helseteneste

Andre kan søkja for deg med fullmakt (PDF, 45 kB).

 

Dette skjer etter at du har søkt

Du får svar innan fire veker.
Dersom det tek lengre tid, får du eit førebels svar med informasjon om når du kan venta svar. 

 

Klage

Du kan klaga innan fire veker etter at du har fått vedtaket.

Klagen skal innehalda:

  • Kvifor du klagar
  • Eventuelle nye opplysningar eller dokumentajon

Du finn informasjon om korleis du klagar i vedtaket.

Andre kan klaga for deg dersom dei har fullmakt. Klagen vert handsama i kommunal klagenemnd.

 

Har du spørsmål, eller treng hjelp til å fylle ut søknad?

Ta kontakt med Forvaltningskontoret.

 

Lover og reglar

Ordninga er ikkje lovpålagd.

Kontakt

Forvaltning og koordinering av helse- og omsorgstenester
Kommunalavdeling helse og omsorg
E-post
Telefon 56 52 13 00

Besøksadresse

Uttrågata 15

Opningstid

Måndag–fredag kl. 09.00-15.00

Postadresse

Voss tinghus
Uttrågata 9, Postboks 145
5700 Voss