Psykisk helseteneste

Treng du nokon å snakka med? Psykisk helseteneste er eit tilbod til deg som har det vanskeleg psykisk, anten det er noko som har kome brått på, eller noko du har streva med over tid. 

Når bør du ta kontakt?

Ta kontakt dersom du:

  • kjenner deg nedstemt eller deprimert
  • har angst eller uro
  • har tankar om sjølvskading eller sjølvmord
  • opplever ei livskrise eller andre psykisk utfordringar

 

Kva hjelp kan du få?

Me kan hjelpe deg og/eller dine pårørande med:

  • samtalar heime hjå deg eller på kontoret vårt
  • råd og rettleiing
  • sosiale og gruppebaserte aktivitetar: opne gruppetilbod

Me er her for å støtte deg i kvardagen og hjelpa deg med å finne løysingar som passar for deg.

For å få hjelp må du:

  • ynskje hjelp
  • vera villig til å ha kontakt med tenesta

 

Slik får du hjelp

Du kan ta kontakt med oss utan tilvising frå fastlege.

Ring oss på telefon 48 01 45 70 
Pårørande kan òg ta kontakt.

Når du tek kontakt, finn me saman ut kva hjelp du treng.

Dersom du har behov for fast oppfølging over tid, må du senda ein søknad. Du får då eit vedtak etter ei fagleg vurdering.

 

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

 

Kontakt

Ambulant team
Avdeling for psykisk helse og rusarbeid

Telefon

480 14 570

Telefontid

Måndag til fredag kl. 08.00-15.30

Utanom telefontid

Mental helse: 116 123 (heile døgnet, gratis)
Legevakt: 116 117
Akutt hjelp: 113

Adresse

Knutepunktet Voss
Gurid Almenningens plass 1