Miljøterapi - rus

Har du utfordringar med rus, og treng støtte i kvardagen? Miljøterapi er eit tilbod til deg som vil få betre kontroll på rusbruk og treng hjelp til å meistra kvardagen.

Kva hjelp kan du få?

Du kan få:

  • Individuelle samtalar og oppfølging 
    Du får støtte og motivasjon til å redusera eller slutta med rus. Me kan møta deg heime eller på tenestestad.
  • Gruppetilbod og aktivitetar
    Du kan delta på opne gruppetilbod og treningstilbod.
  • Fylgje til andre tenester
    Me kan vera med deg til dømes til NAV, lege eller andre tenester.
     

Kven er tilbodet for?

Tilbodet er for deg som har problem med:

  • alkohol
  • ulovlege rusmiddel
  • føreskrivne medikament

For å få hjelp må du:

  • ynskja hjelp
  • vera villig til å ha kontakt med tenesta
     

Slik får du hjelp

Du kan ta kontakt med oss utan tilvising frå fastlege.

Ring oss på telefon 48 01 45 70
Pårørande kan òg ta kontakt.

Når du tek kontakt, finn me saman ut kva hjelp du treng.

Dersom du har behov for fast oppfølging over tid, må du senda ein søknad. Du får då eit vedtak etter ei fagleg vurdering.
 

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

 

Kontakt

Ambulant team
Avdeling for psykisk helse og rusarbeid

Telefon

480 14 570

Telefontid

Måndag til fredag kl. 08.00-15.30

Utanom telefontid

Mental helse: 116 123 (heile døgnet, gratis)
Legevakt: 116 117
Akutt hjelp: 113

Adresse

Knutepunktet Voss
Gurid Almenningens plass 1