Koordinator og barnekoordinator

Koordinator og barnekoordinator er for deg som får hjelp frå fleire tenester over tid, og treng at hjelpa vert godt planlagt og følgt opp.

Kva hjelp kan du få?

Ein koordinator hjelper deg med å få oversikt og følgjer opp hjelpa du får.
Koordinatoren:

  • sørgjer for at tenestene jobbar saman
  • kallar inn til møte
  • følgjer opp den individuelle planen din

Koordinator vert valt i samråd med deg. Det er ein tilsett frå ei av tenestene du alt får hjelp frå.
 

Typar koordinatorar

  • Koordinator
    For vaksne, barn og unge med vedtak om helsetenester og behov for langvarig hjelp frå fleire tenester.
  • Barnekoordinator
    For familiar og fosterfamiliar som har, eller ventar, barn med alvorleg sjukdom, skade eller funksjonsvariasjonar.
     

Kven er tilbodet for?

Du kan få koordinator dersom du:

  • har vedtak om helse- og omsorgstenester
  • har behov for langvarige og koordinerte tenester

 

Har du ikkje vedtak om helse- og omsorgstenester?

Har du ikkje vedtak, men kontakt med fleire tenester som må samarbeida (til dømes barnehage, skule eller PPT), kan du få ein kontaktperson. 

Kontaktpersonen hjelper deg med å få oversikt og følgjer opp samarbeidet mellom tenestene.
 

Individuell plan

Ein individuell plan er eit verktøy som gjer det lettare å samarbeida. 
Planen:

  • gjev oversikt over måla dine
  • viser kva som skal til for å nå måla
  • sørgjer for at alle jobbar i same retning
  • gjer samarbeidet meir strukturert

Planen er digital. Me brukar løysinga DIPS Samspel.
Med digital plan kan du:

  • følgja opp planen din på nett
  • logga inn med trygg ID (som i nettbank)
  • vera trygg på at opplysningane dine er godt sikra

Du får opplæring i korleis du brukar planen.

 

Kva må du gjera sjølv?

Du skal vera med og laga planen din.
 

Slik sender du førespurnad

Du finn informasjon om korleis du sender førespurnad, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

 

Klage

Du kan klaga innan fire veker etter at du har fått avgjerda. 
Du kan ikkje klaga på kven som blir koordinatoren din.
Du finn meir informasjon om korleis du klage her: Søk helse- og omsorgstenester

 

Lover og reglar

Rettane dine til koordinator, barnekoordinator, individuell plan og kontaktperson er fastsette i lov og forskrift.

Kontakt

Forvaltning og koordinering av helse- og omsorgstenester
Kommunalavdeling helse og omsorg
E-post
Telefon 56 52 13 00

Besøksadresse

Uttrågata 15

Opningstid

Måndag–fredag kl. 09.00-15.00

Postadresse

Voss tinghus
Uttrågata 9, Postboks 145
5700 Voss