Rask psykisk helsehjelp er ikkje eit akutt-tilbud. Ved behov for akutthjelp, ta kontakt med fastlege eller legevakt (tlf. 116117). Ved akutt fare, ring 113.
Kva hjelp kan du få:
- Kurs
- Rettleia sjølvhjelp (digitalt)
- Individuelle samtaler
Tilbodet er tidsavgrensa og kortvarig.
Kven er tilbodet for?
Tilbodet er for deg over 16 år med milde til moderate psykiske plager, til dømes:
- Angstlidelsar
- Depresjon
- Søvnutfordringar
- Begynnande rusmiddelproblematikk
For å få best mogleg utbytte er det viktig at du sjølv deltek aktivt i behandlinga.
Slik får du hjelp:
- Ta direkte kontakt med RPH-teamet.
- Tlf. 477 18 466. Telefonen er open onsdag og fredag kl 09-12.
- Epost: rph@voss.herad.no
Du kan òg be fastlegen din sende ei digital melding til tenesta, og tenesta vil kontakte deg.
Rask psykisk helsehjelp er eit lett tilgjengeleg, kommunalt lågterskeltilbod for personar over 16 år som strevar med milde til moderate psykiske plager, som til dømes nedstemthet, uro, grubling og bekymring, stress, søvnvanskar eller begynnande rusmiddelavhengighet. Tilbodet krev ikkje tilvising frå lege.
Målet er å gje tidleg hjelp slik at vanskane ikkje utviklar seg vidare. I RPH vil du få praktiske verktøy og støtte til å handtere vanskelege tankar og kjensler i kvardagen. Du får rettleiing i korleis du kan endre tankemønster og atferd som skapar utfordringar, og slik styrkje eiga meistring.
Før oppstart blir det gjennomført ei kartlegging for å vurdere om tilbodet passar for deg. Behandlinga er kortvarig og eigna for deg som er motivert for å jobbe med endring. Du kan ta kontakt direkte, og vil få eit tilbod innan kort tid.
Rask psykisk helsehjelp, RPH, tilbyr introduksjonskurs, rettleia sjølvhjelp og individuelle samtalar. Dei fleste som tek kontakt vil få tilbod om kurs. Eit introduksjonskurs gjer ei kort innføring i vanlege psykiske utfordringar og gjer generelle råd for god psykisk helse.
Tilbodet byggjer på kognitiv terapi og kunnskapsbaserte metodar.
Introkurset: Introkurset passar for deg som slit med bekymring og grubling, er trist eller nedstemt, opplever angst og indre uro som begrensar deg, har utfordringar med søvn eller opplever stress og belastning i kvardagen. Kurset gjer deg ei kort innføring i kognitiv atferdsterapi og psykisk helse. Kurset går over fire gonger (2,5 timar kvar gong), tek for seg ulike tema, og vil gje deg gode verktøy som du kan nytte deg av sjølv i kvardagen. Det er lagt opp til at du skal jobbe på eigehand med dine utfordringer mellom kursdagane.
For best mogleg utbytte av kurset er det viktig med eigeninnsats og at du har kapasitet til å arbeide med verktøya i kvardagen.
Ved deltakelse på kurs vil det vere ein eigenandel. Dette for å dekke kursmateriell.
Rettleia sjølvhjelp: Rettleia sjølvhjelp handlar om at du får verktøy og ressurser, og jobber med dette sjølv samt får rettleiing frå RPH-terapeutane. Det er som oftast digitale ressurser.
Individuelle samtaler: Individuelle samtaler med ein RPH-terapeut. Tidsavgrensa (2-5 samtaler) tilbod tilpassa ditt behov.
Informasjon til fastlege eller anna helsepersonell:
Gje pasienten informasjon om at tilbudet er lågterksel og ikkje krev formell tilvising frå lege. Det er viktig å opplyse pasienten om at dei sjølv må vere interessert i ei endring og kan aktivt ta del i opplegget til RPH. Me anbefaler at pasienten tek kontakt sjølv, men du kan sende oss ei uformell tilvising digitalt, så vil RPH-teamet kontakte pasienten.