OmsorgsstønadOmsorgsstønad er ei økonomisk støtte til deg som gjer eit særleg krevjande omsorgsarbeid i heimen. Det kan til dømes vera at du gir tilsyn, pleie og omsorg til ein i familien din.Kven passar omsorgsstønad for?Omsorgsstønad kan vera aktuelt for deg som gjer omsorgsarbeid som er:særleg belastandevarig over tidav eit visst omfangHar eg rett på omsorgsstønad?Når du søkjer om omsorgsbustad, gjer kommunen ei samla vurdering. Kommunen leg mellom anna vekt på:om du har du søkt om hjelpestønad frå NAVkor mange timar i månaden brukar du på omsorgsarbeidetom arbeidet er meir fysisk eller psykisk krevjande enn vanlegom omsorgsarbeidet inneber nattevåk eller mange avbrot i nattesøvnenom du får lite fritid eller blir sosialt isolertom du har tapt inntekt på grunn av omsorgsarbeidetSlik vurderer me søknaden dinNår me handsamar søknaden, vil kommunen:kartleggja situasjonen dingjera ei fagleg og heilskapleg vurderingavgjera om du får omsorgsstønad, og kor stor stønaden skal vere Slik søkjer duDu finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:Søk helse- og omsorgstenester Lover Forvaltningsloven Hhelse- og omsorgstjenesteloven §3-6 – OmsorgslønnRetningslinjer Omsorgslønn (rundskriv)