Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ei ordning for deg med funksjonsnedsetting og stort, langvarig behov for hjelp.

Kva er BPA?

BPA er ein måte å organisere praktisk hjelp på som gjer at du får meir kontroll over kvardagen din. 
Du bestemmer sjølv: 

  • kven som skal vera assistent
  • kva hjelp du treng
  • når og korleis du får hjelpa

Du kan få BPA både heime og når du er ute.
Dette kan inngå i BPA:

  • personleg assistanse
  • praktisk bistand
  • opplæring
  • støttekontakt

 

Kva må du sjølv gjera?

Når du har BPA må du, eller nokon som står deg nær, vera arbeidsleiar. Det betyr at du:

  • planlegg arbeidet til assistentane
  • følgjer opp assistentane

Arbeidsleiarrolla er ikkje ein del av vedtaket og er ikkje lønna.
 

Kven er tilbodet for?

Du kan ha rett til BPA dersom:

  • du har stort og langvarig behov for hjelp
  • du er under 67 år og har fått vedtak om meir enn 25 timar hjelp i veka
  • du er forelder til barn med store funksjonsnedsettingar og har vedtak om meir enn 25 timar hjelp i veka
  • det passar best å samla hjelpa i ei BPA-ordning

Dersom du har mellom 25 og 32 timar hjelp i veka, kan kommunen velja ei anna løysing dersom BPA blir vesentleg dyrare.

 

Leverandørar med avtale i Voss herad

Du kan velje mellom desse leverandørane:
Leverandørar med avtale i Voss herad
Leverandør
Uloba – Independent Living Norge
Prima Assistanse
2Care BPA
Stendi
Abcent
JAG Assistanse
Mio BPA
Unicare BAB
Humana Omsorg og assistanse
Brageva
Tutela
Assent
Ecura

 

Slik søkjer du

Du finn informasjon om korleis du søkjer, og kva som skjer vidare her:

Søk helse- og omsorgstenester

 

Lover og reglar

BPA er ei lovpålagd teneste.

Kontakt

Forvaltning og koordinering av helse- og omsorgstenester
Kommunalavdeling helse og omsorg
E-post
Telefon 56 52 13 00

Besøksadresse

Uttrågata 15

Opningstid

Måndag–fredag kl. 09.00-15.00

Postadresse

Voss tinghus
Uttrågata 9, Postboks 145
5700 Voss