Heimerehabilitering

Har du vore sjuk eller skada deg, eller treng du å koma i betre form etter eit opphald på institusjon? Treng du hjelp for å koma deg att? Då kan heimerehabilitering vera noko for deg.

Kva er heimerehabilitering?

Heimerehabilitering er eit tilbod for deg som treng hjelp etter sjukdom, skade eller sjukehusopphald. Me kjem heim til deg og hjelper deg å trena på det som er viktig for deg i kvardagen. Målet er at du skal klara deg best mogleg sjølv, og kunna bu heime og leva eit aktivt liv.

Kva hjelp kan du få?

Saman med deg lagar me ein plan som passar dine mål og behov. Du får oppfølging frå eit tverrfagleg team, som består av:

  • fysioterapeut
  • ergoterapeut

Me hjelper deg å trena på daglege gjeremål og gir råd om hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen.

Kven passar tilbodet for?

Tilbodet passar for deg som:

  • treng rehabilitering etter sjukdom, skade eller opphald på institusjon
  • du kan vera med aktivt og er motivert for å trena deg opp att

Ta kontakt

Du kan ta direkte kontakt med Heimerehabiliteringsteamet.
Telefon: 95 26 20 04