Denne steinen vart freda i 1924

Her finn du fredingsdokumentet: Korrespondanse vedr hvit stein på gården Li i Rundalen Voss herad.PDF (PDF, 5 MB)

Det er svært uvanleg å freda ein stein på denne måten, men Voss sogelag v/ Hr. bankdirektør L. Kindem opplevde steinen som truga, og meldte det inn til Fortidsmindemerkeforeningen i Bergen. I fredingsbrevet til grunneigar Lars K. Lid i 1924 understrekast det difor at steinen ikkje må “sprenges eller angripes paa nogen maade”. 

Finstuderer ein steinen, finn ein likevel spor etter både flaggstongstativ, skiltfeste og gjerdefeste. Flaggstonga var eit viktig samlingspunkt då Bære/Lid skule framleis låg her og skuleplassen vart nytta både som idrettsplass og festplass. Vegskiltet var derimot nokså malplassert, og vart fjerna torsdag 22. oktober 2026.

I fredingsdokumenta framhevast det at den store steinen på Lid var kvit. Mose, lav og alger - og fråvær av leikande born - har med åra gjort at steinen no framstår meir som svart.

Det fyrste skulebygget på plassen her låg tett inntil den freda steinen, men vart flytta litt bakover og utvida med kjellar og eit ekstra klasserom i 1926. I 2016 vart det forfalne skulebygget fjerna.

Kjelde: “Raundalskyrkja 100 år. Kyrkja - dalen - folket” av Reidar Reime, 2021)