Rockeband

Påmelding på Voss Herad si heimeside via Kultur, idrett og fritid.

De kan koma med ynskje i påmeldinga.

Aldersgrense: Frå 9 år.

Utmelding: På epost til oddvar.nostdal@voss.herad.no

Undervisninga foregår i rockerommet i kulturhuset. Her kan du læra å spela i band. Greitt om du kan litt frå før. Alder frå omlag 4-5 klasse. Ta kontakt for spørsmål.

Organisering:

Voss Kulturskule har skuleåret 21/22 sju band med elevar i alderen 8 til 16 år. Øvingane er organisert i økter på 45 min for alle gruppene, unntatt for åtteåringane, dei øver i 30min. 

Kvart band har fire eller fem elevar og er sett saman av elevar som på nokolunde lik alder og likt nivå. Me prøver også å ha ein høveleg kjønnsfordeling i banda. 

Nokre av gruppene er organiserte etter «rett i band»-konseptet, dvs at elevane rullerer på dei ulike instrumenta i bandet og lærer å spela litt på alle. Dei andre har elevar som har spesialisert seg på sitt instrument. 

Elevane tek del i konsertar og framføringar i regi av kulturskulen og på arrangement elles i bygda.

Øvingane går føre seg i Rockerommet på Kulturhuset med instrumenta og utstyret som står der. Erlend Styve og Olav Undeland er lærarar.

Mål for undervisninga:

Generelt: 

  • meistra akkord- og riffbasert akkompagnement til kjente pop- og rockelåtar frå historia. 
  • kunna lesa besifring og så langt det er råd kunna låtane dei spelar utanåt. 
  • Dei skal kjenna til korleis kompet er bygd opp i eit rockeband med trommer, bass, gitarar og ev piano.
  • Gjennomføra lydprøve og framføra musikken sin på konsert.
  • Kjenna til viktige verk frå pophistoria.

På instrumenta:

Gitar: 

  • Kunna powerchords, barre-grep og vanlege, opne akkordar på gitar.
  • Spela etter besifring.
  • Finna «sin» plass i kompet.
  • Kunna kobla til ein gitarforsterkar og skru til høveleg lyd.
  • Kunna stemma ein gitar med stemme-app på telefonen.
  • Kunna kjente gitarriff.

Trommer:

  • Kunna dei vanlegaste trommegroovane.
  • Kunna spela trommer i takt med resten av bandet og halda ein stødig rytme..
  • Utvikla høveleg teknikk med stikkene.

Bass: 

  • Finna tonane på bassen, spela etter besifring.
  • Nytta høveleg teknikk i spel.
  • Spela i groove med resten av bandet.
  • -         Stemma bassen etter stemmeapp på tlf.
  • Kobla til og skru høveleg lyd.

Piano:

  • Spela akkordar etter besifring med to hender.
  • Velja høveleg lyd på elpianoet.
  • Finna høveleg rytmikk i samspel med bandet.

Song:

  • Læra seg songane utanåt.
  • Kobla til mikrofon til songanlegg, stilla høveleg lyd.
  • Syngja med liv og lyst framfor eit publikum.

Arbeidsmåtar:

  • Innøving av låtar steg for steg med band og lærar.
  • Heimelekser med å læra seg særskilte delar av songane.
  • Terping til det sit utanåt.
  • Samtale om tempo, dynamikk og val av rytmikk i kompet.
  • Øving fram til framføringar og konsertar – låtane skal framførast som band framfor publikum.

Forventningar:

Lærar: 

  • Stiller budd til øving og vel ut reportoar i samråd med elevane som har høveleg nivå til kvar gruppe. Arrangerer konsertane og ser til at alle er godt budde.

Elev/fråver: 

  • Øver og bur seg til øvingar og konsertar. Kjem presis og gjev beskjed ved fråver.

På venteliste:
20

Lærarar