Strykeorkester

Strykeorkester

Samspel er ein viktig og naturleg del av strykaropplæringa.

Voss Kulturskule har to strykeorkester; Veslefrikk og Fossekallen.

I samspel med andre elevar og med rettleiing av pedagogar utvikler elevane gehør, teknikk, og evna til samspel, og opplever seg sjølv og sitt instrument som ein del av noko større. Dei er ein del av eit levande strykarmiljø der dei sosiale relasjonane vert styrka. Dei deltek på konsertar, seminar og turar.

Vi har jamnleg prosjekt med Orkesteret Fossegrimen, som er Voss sitt eige symfoniorkester. 

Veslefrikk:

Veslefrikk er for dei yngste strykarane. Her kan elevane være med då dei har spelt i 1-2 år og den grunnleggande teknikken er etablert. Vi speler både gehørbasert og etter noter, og har fokus på å styrka grunnleggande teknikk, notelesing,spele enkle tostemmige stykker, og ikkje minst ha det kjekt ilag.

Fossekallen:

Fossekallen er strykeorkesteret for dei vidarekomne elevane i kulturskulen. Her kan elevane bli med når dei har i spelt i 4-5 år, og dei fleste leser noter godt. 

Repertoaret strekker seg frå barokken til filmmusikk.

Vi har óg økter med musikkteori.

Lærarar