Livssynsnøytral og personleg seremoni
Gravferda skal gjennomførast med respekt for livssynet til den avlidne. Det er dei pårørande som har ansvar for å velja eit eigna lokale til gravferdsseremonien.
Ved livssynsnøytrale seremoniar kan ein velja ei personleg utforming og kombinera uttrykk frå ulike tradisjonar og kulturar.
Etter lova står ein fritt til å velja lokale for gravferda.
Det er vanleg å nytta eit gravferdsbyrå for å få hjelp med heile eller delar av gravferda. Gravferdsbyrået kan gi informasjon, råd og praktisk hjelp i planlegginga og gjennomføringa av seremonien.
Voss herad tilbyr i dag to lokale som kan nyttast til livssynsnøytrale eller personlege seremoniar: Vonheim og kultursalen i Voss kulturhus. Det er gratis å nytta desse lokala til gravferd.
Vonheim

Vonheim er eigd av KFUK/KFUM. Lokalet er godt eigna til både livssynsnøytrale og religiøse gravferder. Seremonirommet har plass til om lag 160 personar og er utstyrt med det som trengst til ein gravferdsseremoni, mellom anna talarstol, piano og lydanlegg. Bygget ligg like ved gravplassen.
For spørsmål om bruk, ta kontakt med gravferdsbyrå eller gravplassforvaltar på e-post
kv934@kyrkja.no eller tlf. 56 52 38 80.
Voss kulturhus

I Voss kulturhus er det lagt til rette for at kultursalen kan nyttast til livssynsnøytrale gravferder. Kultursalen har plass til omlag 250 personar og er utstyrt med piano og lydanlegg.
For spørsmål om bruk, ta kontakt med gravferdsbyrå eller gravplassforvaltar på
e-post kv934@kyrkja.no eller tlf. 56 52 38 80.
Informasjon om seremoniordningar Seremoni i Voss og omegn | Vinsands Gravferdsbyrå AS
Gravplassforvaltinga i Voss herad gravplassivoss.no – Gravplassadministrasjon i Voss herad