Kva er eit ungdomsråd?
- Ungdomsrådet er ungdomane si eiga stemme inn i kommunen.
- Rådet får uttala seg om saker som er viktige for born og unge, og kan sjølv ta opp saker dei ynskjer å påverka.
- Ungdomsrådet har møte- og talerett i politiske organ og er ein viktig arena for medverknad og demokrati.
- Ungdomsrådet vert leia av ordførar og består av to representantar frå kvar av ungdomsskulane og dei to vidaregåande skulane + fem frie representantar.
- Å vera fri representant betyr at du ikkje representerer ein spesiell skule, du representerer ungdomane i Voss herad generelt. Målet med samansetninga i ungdomsrådet er at rådet skal bestå av ungdom med ulik bakgrunn, ulike interesser og erfaringar.
- Ungdomsrådet har om lag åtte møte i året. Møta varar vanlegvis rundt to timar, vert ofte haldne etter skuletid, og det vert servert mat.
- Du vert vald for 2 år om gongen.
Kvifor melda seg til ungdomsrådet?
- Som medlem i ungdomsrådet får du mellom anna:
- vera med og påverka saker som er viktige for ungdom på Voss
- læra meir om demokrati, politikk og korleis kommunen fungerer
- få opplæring i rolla som ungdomsrådsmedlem
- delta på opplæringsdag i skuletida med godkjent fråvær
- møta andre engasjerte ungdomar frå heile heradet
- møtegodtgjersle for deltaking i møte

Helsing frå ordførar Tonje Ljones Såkvitne
Høyres dette interessant ut, vil du ha meir informasjon eller melda deg som kandidat til Voss ungdomsråd?
Då kan du ta kontakt med læraren din eller rådgjevar på skulen , ynskjer du meir informasjon ta kontakt med Kristina Finne på tlf 91142633 / kristina.finne@voss.herad.no.
Ynskjer du å melda deg eller andre som kandidat ta kontakt med politisk.voss@voss.herad.no
FRIST FOR Å MELDA INN KANDIDATAR TIL UNGDOMSRÅDET HAUSTEN 2026 ER 25.SEPTEMBER
Lær meir om kva eit ungdomsråd er her: Alt du trenger å vite om ungdomsråd (www.e-ung.no)
Reglement og retningslinjer for ungdomsråd Voss herad