Jordkarbonkonferanse 23.november 2023

Velkommen til konferanse i Voss kulturhus 23.november: Oppsummering og konklusjon frå 5 år med prosjektet karbonfangst og andre klimavenlege tiltak i vestlandsjordbruket 

Konferansen har fått tittelen:  Eit berekraftig vestlandsjordbruk byggjer på lokale ressursar

 Påmelding her! 

 

 

PROGRAM FOR DAGEN LIGG HER (PDF, 139 kB)

Arrangemtet er ope for alle med interesse for landbruk; pris kr 250 inkl.  Me lovar lunsj av lokale råvarar - så langt det går.

Kortakakar til kaffipause, vert baka av Voss bygdekvinnelag.

Påmelding innan 17.november.

 

 

 

 

 

 

Omtale innleiarar

Siri Vatsø Haugum Kystlyngheisenteret/UiB: Siri Vatsø Haugum er utdanna biolog ved Universitetet i Bergen, med mastergrad i 2016 og doktorgrad i 2021. Forskinga hennar fokuserer på korleis norsk natur endrar seg når vi brukar utmarka på nye måtar, samstundes som klimaendringane forstyrrar dei tradisjonelle vermønstra. Siri brenn for vitskapsformidling, og vann formidlingskonkurransen Forsker Grand Prix i Bergen i 2019. I 2021 utropte Bergens Tidene ho til ein av «30 under 30» som har sett sitt preg på samfunnsutviklinga, og i 2022 vart ho nominert til Ledestjerne i D2 for sitt engasjement for å formidle samanhengar mellom menneskeleg forbruk, naturtap og klimaendringar. I dag arbeider Siri med forsking, forvalting og formidling på Lyngheisenteret. Å ta vare på naturmangfaldet, bremse klimaendringane og samstundes produsere mat er ei krevjande, men ikkje umogeleg, oppgåve. Vestlandsbonden spelar ei viktig rolle!

Nora Hua Ly Kok; NIBIO, Overingeniør: Nora jobber med jordkartlegging i NIBIO, som blant annet innebærer feltarbeid med jordklassifikasjon. I tillegg jobber hun med prosjektet JordVAAK – et jordovervåkningsprogram som skal implementeres i Norge for å følge tilstanden til jordhelsa for landets jordbruksjord. Fra før av har hun en mastergrad fra NMBU med fokus på jordkarbondynamikk og påvirkning av beitemønster på ulike jordegenskaper.

Gunnlaug Røthe; rådgjevar NLR Vest. Prosjektleiar for prosjektet. Lang røynsle med økologisk landbruk, jord gjødsling, grovfordyrking, klima.

Torunn Hønsi, seniorforskar Vestlandsforsking: Torunn har særskilt interesse for FOU prosjekt innan berekraftig bruk av ressursar og avfall (sirkulær økonomi), grønt og berekraftig næringsliv og korleis klimaendringar kan påverke utslepp og giftigheit av miljøgifter og ureining. https://www.vestforsk.no/nn/person/torunn-g-honsi

Professor Line tau Strand, NMBU: Line er pedolog, har fokus på jordmorfologi og korleis jordsmonn sine eigenskapar vert endra med vegetasjon og landskap. Forskar m.a. på karbonbinding; påføring av aske og biokull; arealbruksendring, skogplanting og beitebruk. Deltar i eit større forskingsprosjekt for lagring av karbon i jord.

Seniorrådgjevar Yngve Rekdal, NIBIO, divisjon kart og statistikk: Yngve Rekdal fra NIBIO er Norges fremste ekspert på beiteressursar. Har deltatt i kartlegging av beiteressursar på Vossestrand og Vestlandet.

Professor i berekraft Carlo Aall, Vestlandsforskning : leiar for Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt) ved Vestlandsforsking