Ny forskrift om bruk av gjødsel

Frå 1. februar 2025 gjeld det nytt regelverk om korleis du skal oppbevara og spreia gjødsel på landbruksareal. Ny frist for spreiing av gjødsel for alle kommunar i Vestland er no mellom 1. mars og 15. september.

Det er no kome nytt regelverk om korleis ein kan lagra og nytta denne gjødsla.  Formålet med forskrifta er å legga til rette for rett gjødsling av areala, gode avlingar, mindre avrenning til vassdrag og ta vare på biologisk mangfald. Den nye forskrifta gjeld bruk av både husdyrgjødsel og innkjøpt mineralgjødsel.

Regelverket omfattar alle som nyttar gjødsel og som heldt dyr. Regelverket har trinnvis innføring der alle krav vil vera gjeldande frå 2028. Ein del av krava er  gjeldande allereie frå 2025

Nye krav frå 2025:

  • Ny frist for spreiing av gjødsel for alle kommunar i Vestland er no mellom 1. mars og 15. september. Det er råd å spreia med nedmolding fram til og med 1. november, dette gjeld ut 2028. Den lokale forskrifta for Voss herad med utvida spreiefrist til 1. oktober er ikkje lenger gjeldande. 
  • Dispensasjon frå spreiefrist må søkjast til Statsforvaltaren.
  • Areala som vert gjødsla skal haustast ved slått eller beite etter at dei er gjødsla.
  • Silopressaft kan spreiast fram til 15. september utan at det må haustast eller etablerast plantevekst etterpå.
  • Frå 2025 er maksimal mengde fosfor 3,5 kg per dekar, og 2 kg per dekar for innmarksbeite. Dette gjeld samla for både husdyrgjødsel og kunstgjødsel. Frå 2027 er kravet 2,8 kg fosfor per dekar.  
  • Du må rapportera om du bortskaffar meir enn 75 kg fosfor i løpet av eit år, til dømes om du leverer til ein nabo eller til eit biogassanlegg. 
  • Lager for urin og biorest med mindre enn 25 prosent tørrstoff skal ha dekke som avgrensar utslepp til lufta.
  • Tørr gjødsel med meir enn 25 % tørrstoff, slik som gjødsel frå hest og fjørfe, kan lagrast rett på bakken på stader der den seinare skal brukast.
  • Rundballar kan du lagra direkte på bakken, men ballane kan ikkje ligga i meir enn 3 år. Du kan ikkje lagra rundballane i område utsette for flaum eller der det er risiko for avrenning av næringsstoff til vatn. 

I 2026:

  • I tillegg til gjødslingsplan må du no føre journal som viser faktisk bruk av gjødselvarene gjennom vekstsesongen. 
  • Journalføring over all gjødsel du tar imot inkludert kunstgjødsel.

 

I åra framover mot 2033 vil det verta ytterlegare innstrammingar. Regelverket seier noko om kva og kortid dei ulike innstrammingane trer i kraft.

Her finn du fosforkalkulator der du kan sjekka korleis fosforkrava ser ut for din produksjon: Fosforkalkulator (XLSX, 47 kB)


Meir om det nye regelverket: