Kontaktpunkt for næringslivet

Næringsarbeid organisasjonskart

 

Voss herad
Heradet har som målsetjing å jobba målretta med næringsutvikling i form av å vera ein igangsetjar samt å vera ein sentral medspelar for næringa. Målet er at det skal vera enkelt å ta kontakt med oss.

Næringssjefen
Næringssjefen er kommunen sitt kontaktpunkt mot næringslivet og næringspolitiske organisasjonar, og jobbar i grensesnittet mellom næringsliv, akademia, politikk og administrasjon. Næringssjefen si oppgåve er å sikra tiltak i tråd med strategisk næringsplan,  og vera ein proaktiv støttespelar for næringa. Vidare deltek næringssjefen aktivt i utredningsarbeid, skriv politiske saker og fylgjer opp vedtak. 

Voss Næringsråd 
Rådet sitt føremål er å vera eit formelt høyringsorgan ovanfor offentlege styresmakter. Rådet er organisert som ei medlemsforeining utan ansvar for gjeld, der kvar av gruppene skal velja ein rådsrepresentant.

Industri – Narve Gjeraldstveit
Voss Bondelag og Voss Småbrukarlag – Bjørnar Nedkvitne
Reiseliv – Berit Lunde
Handel – Hedvig Røhnebæk
Handverkarar – Ståle Rørlien
Matprodusentar – Willy Roger Jacobsen
Transport – Steinar Karlsen
Handel utanfor sentrum – Kjetil Tverberg
Tenesteytande – Tonje Tvilde
Gründer/startup – Sigrid Nedkvitne  
Entreprenør
 

Leiar: Narve Gjeraldstveit
Nestleiar: Tonje Tvilde
 

Hardanger og Voss Næringshagen
Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Dei er ein naturleg partner i lokal og regional næringsutvikling. Du kan ta kontakt med nøringshagen når det gjeld alt frå grunderhjelp, kontorplass, rådgjevingstenester og ulike kurs. Næringshagen er også den viktigaste arrangøren av møteplassar for næringslivet på Voss. 
https://hardangervoss.no/ 

Visit Voss
Visit Voss er ei avdeling i næringshagen. Hovudoppgåvene til Visit Voss er å koordinere og marknadsføre reiselivet på Voss, samt arbeide med prosjektutvikling innan reiseliv.  Voss har ein ambisiøs plan for reiselivet. Med ein sentral plassering i Fjord Norge, og stor satsing på å vidareutvikle produktportefølja, er målet å vere det leiande heilårsreisemålet i Noreg.  Les gjeldande reiselivsstrategi her.
Om Visit Voss | Visit Voss

Voss i sentrum 
Voss Sentrum er ein medlemsorganisasjon for bedrifter på Voss. Me er opptatt av å vareta eit levande sentrum og for å tilby eit breitt utval av varer og tenester til våre fastbuande og tilreisande.
Om Voss Sentrum — voss-sentrum 

 

Treng du hjelp?