Møteplassar

Engasjer deg! 
Næringshagen tilbyr ulike møteplassar og faglege kurs for næringslivet på Voss og i regionen. Ved å møta opp her vil du få ny kunnskap, utvida nettverk og oversikt over kva som skjer både lokalt og regionalt. Bli med.   
Sjå alle arrangementa våre her

Vossadagane 19. – 20. mars. 
Vossadagane er møteplassen der ein løftar blikket og ser det store bilete, og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss. Me stiller dei vanskelege spørsmåla, lyfter dagsaktuelle saker og motiverar til godt leiarskap.

Hovudmålet er at du skal reisa heim meir opplyst og motivert til å gjera ein forskjell. Som enkeltmenneske, som representant for ei bedrift, ein organisasjon eller det offentlege. Tida me står i krev ein innsats frå oss alle.
Vossadagane.no