Næringsutvikling på Voss

Voss herad vedtok i 2023 ein plan for strategisk næringsutvikling (SNU Voss) som skal leggje til rette for ei best mogleg utvikling av nærings- og samfunnsliv på Voss1. Planen har ei heilskapleg tilnærming og ser næringsutvikling i samanheng med anna samfunnsutvikling i heradet1.

  • Planen er basert på eit kunnskapsgrunnlag som inkluderer ei analyse av næringslivet på Voss frå Menon Economics.  Sjå rapporten her.
     
  • For å gjennomføra planen har Voss herad tilsett ein ny næringssjef som skal leia arbeidet med næringsutvikling i heradet. Kaia Finne var tilsett i stillinga i mai 2023. Ho er utdanna siviløkonom i USA og har brei erfaring frå arbeidslivet som blant anna konsulent og frå ulike leiarstillingar innan reiselivet. 
     
  • I tillegg til gode og målretta planar er det samarbeid som er nøkkelen til suksess for næringsutviling i bygda vår. Det gjeld internt i kommunen, mellom kommunen og aktørar som næringshagen og næringsrådet og bedriftene i mellom. Både lokalt og regionalt. 
     
  • Visjonen til Voss herad er at me skal vera eit sterkt regionsenter med levande bygder. 
    Visjonen vert fylgt opp med tre satsingsområde:

    «attraktive Voss – bygd for sterke opplevingar»
    «innovative Voss – med røter og vengjer»
    «inkluderande Voss – bygd for alle»