Strategisk næringsutvikling

Me har ein plan

Med planen «Strategisk næringsutvikling i Voss herad» (SNU Voss) skal me jobba målretta med nærings- og samfunnsliv på Voss. Målet er at Voss skal vera best i klassen når det gjeld å legga til rette for vidareutvikling og etablering av berekraftige verksemder og næringar i heradet.

FN sine berekraftsmål og samfunnsplanen er førande for planen. Vidare heng måla i planen tett i hop med måla i andre planar som Vossaklima og Voss i vekst, og relevante regionale planar.

Me har eit klart bilete av kor me ynskjer å vera i 2030, kva som er styrker og svakheiter med slik me har det i dag, kva naturgjeve utgangspunkt Voss har – og analysert kva grep me i fellesskap må ta for å skapa ynska utvikling.

Handlingsplan og tiltak
Samla skisserer SNU Voss 49 mål og 147 tiltak som skal styrka dugnaden med å skapa ei berekraftig og velfungerande samfunnsutvikling i Voss herad. Sjå tiltaksplanen her. Denne vert kontinuerleg oppdatert med årlege tiltaksplanar.

Arbeidet dei kommande åra er strukturert i seks utvalde satsingsområde:

Tiltaksplan