Regjeringa har bestemt at berekraftsmåla utgjer det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største nasjonale og globale utfordringar. Måla skal være en del av grunnlaget for all samfunns- og arealplanlegging.

Kommunane si innsats er viktig for å nå måla.
Kommunal planlegging skal ta omsyn til, og bidra til ei berekraftig utvikling. Det vil mellom anna innebera å fremja næringsutvikling, sysselsetting, folkehelse, gode bustader, bumiljø og oppvekstmiljø, og kulturtilbod på ein måte som legg vekt på langsiktige miljøomsyn heller enn kortsiktige, økonomiske omsyn.
Arbeidet for ei berekraftig utvikling har samansatte og komplekse utfordringar. Utviklingpotensialet ligg i stor grad i samanhengen mellom de 17 berekraftsmåla. Voss herad legg difor alle berekraftsmåla til grunn for planlegginga vår.

FNS tre bærekraftsdimensjoner og tilhørende bærekraftsmål_(Kilde: Azote Images for Stockholm Resilience Centre)
Les meir om FN sine berekraftsmål her: FNs bærekraftsmål
Vestland fylkeskommune har utarbeida eit dashbord for berekraftsindikatorar. Her kan ein sjå korleis samfunnsutviklinga i Vestland går over tid, i arbeidet med Vestland fylke sin utviklingsplan.
Dashbordet kan brukast av kommunar, private aktørar, lag og organisasjonar.
Følg berekraftsutviklinga i Vestland – år for år - Vestland fylkeskommune