Styring av verksemda er ein viktig del av arbeidet med å nå måla våre. Kort oppsummert handlar styring om å planleggja, setja i verk, evaluera og korrigera. Voss herad har behov for større grad av samordna planlegging mellom dei ulike sektorane - og saman med andre relevante aktørar. Nye løysingar på kjente samfunnsutfordringar skal realiserast ved at me har planar og planprosessar som stimulerer til kreative og tverrfaglege samhandlingsformer. Målet er at dette skal skapa betre lokalsamfunn, miljømessig gode løysingar og auka konkurransekraft.
Plansystemet i Voss herad skal:
- gje eit godt grunnla for politisk styring og administrativ oppfølging
- vera tilgjengeleg og lett å få oversikt over
- stimulera til tverrfagleg oppgåveløysing i samarbeid med innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar
- leggja til rette for opne prosessar med målretta samarbeid/medverknad
- leggja til rette for effektive, kostnadseffektive og kunnskapsbaserte planprosessar
- kunna omstille seg i takt med samfunnsendringane
-
Ei forenkla hierarkisk framstilling av dei ulike planane i kommunen er vist i figuren under:

Planstrategien er fyrste ledd i kommunen sitt plansystem og langsiktige samfunnsplanlegging. Heradsstyret skal minst ein gang i kvar valperiode (fireårsperiode), og seinast eitt år etter konstituering, utarbeida og vedta ein kommunal planstrategi. Føremålet med planstrategien er å vurdera kva planar som skal utarbeidast og reviderast i valperioden.
Planstrategien omfattar såleis ei drøfting av dei utfordringar kommunen har, val knytt til samfunnsutvikling og arealbruk, og ei samla vurdering av planbehovet. Dette skal bidra til at planlegginga i Voss herad vert behovsstyrt og ikkje meir omfattande enn nødvendig. Planstrategien er slik eit verktøy som tek stilling til kva planoppgåver me skal gjennomføra dei neste fire åra.
Planstrategi 2024 – 2027 vart vedteken av Voss heradsstyre den 17. desember 2024. Du kan lesa planstrategien her: Planstrategi 2024 - 2027
Kommuneplanen er eit overordna og langsiktig styringsdokument. Planen er vårt viktigaste verktøy når me skal leggja til rette for kva samfunnsutvikling, arealforvaltning og tenesteproduksjon me ynskjer i heradet vårt. Planen gjeld for alle som bur og arbeidar i Voss herad. Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel og ein arealdel.
Kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) vart vedteken den 5. februar 2026. Denne kan du lesa her: Kommuneplanen sin samfunnsdel
Kommuneplanen sin arealdel (KPA) er under revisjon, arbeidet kan du fylgja her: Revisjon av kommuneplanen - Voss herad
Gjeldande arealdel (2020) finn du her: Kommuneplanen sin arealdel 2020 - 2032 - Voss herad
Oversikt over alle samfunnsplanar i Voss herad finn du her: Samfunnsplanar
Oversikt over alle arealplanar i Voss herad finn du her: Arealplanar og reguleringsplanar