Skulefritidsordning (SFO)

SFO er eit frivillig aktivitetstilbod som vert gjeve ved alle barneskulane i Voss herad. Tilbodet gjeld for elevar i 1. - 4. trinn og for born med nedsett funksjonsevne frå 1. - 7. trinn. 

SFO-tilbodet fylgjer skuleruta for Voss herad. Dei har stengt i ferie og fridagar samt seks planleggingsdagar i året. Ved Vangen skule er det tilbod om utvida SFO. Elevar som har utvida SFO, og som tilhøyrer andre skular, vil få plass der. 

Søknadsfrist er 1. mars. 

Frå skule- og SFO-året 2024-2025 har Stortinget vedteke å utvida moderasjonsordninga med 12 timar gratis SFO til å gjelda for alle elevar i 1. - 3. trinn. Føresette til born som går i 1. - 3. trinn, og som har SFO plass, får fråtrekk for desse 12 timane på SFO-fakturaen frå og med august månad. 

Søk plass i SFO