Reglement
Det skal flaggast på kommunale bygg ved:
- offisielle flaggdagar
- kommune- og fylkestingsval
- gravferd til kommunalt tilsette på eininga
- konfirmasjon ved skule i bygda
- fyrste skuledag ved kommunale skular
Det kan flaggast på einingane når einingsleiar finn dette naudsynt etter vanleg skikk og bruk.
Det skal flaggast på Voss tinghus ved:
- offisielle flaggdagar
- kommune- og fylkestingsval
- gravferd til kommunalt tilsette
- kvinnedagen 8. mars
- Nordens dag 23. mars
- fyrste skuledag
- fyrste skuledag i juni med Regnbogeflagget
Det kan flaggast ved Voss tinghus ved større arrangement i heradet, og elles når Rådmannen, eller den som har delegert mynde, finn det naudsynt etter skikk og bruk.
Det skal flaggast med kommuneflagget på Voss tinghus: når heradsstyret har møte og på kommunale merkedagar.
Det kan flaggast med kommuneflagget på kommunehuset etter vedtak frå Rådmannen, eller den som har delegert mynde.
Voss herad flaggar etter oppmoding frå statlege styremakter ved fest eller sorg i landet, i samband med besøk frå Kongehuset og ved større arrangement i heradet.
Offisielle flaggdagar
Dei offisielle flaggdagane er å finna i eiga forskrift
1. januar 1. nyttårsdag
21. januar H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra sin fødselsdag
6. februar Samefolkets dag (Sameflagget skal nyttast)
21. februar H.M. Kong Harald V sin fødselsdag
1. mai Offentleg høgtidsdag
8. mai Frigjeringsdagen 1945
17. mai Grunnlovsdagen
7. juni Unionsoppløysinga 1905
4. juli H.M. Dronning Sonja sin fødselsdag
20. juli H.K.H. Kronprins Haakon Magnus sin fødselsdag
29. juli Olsokdagen
19. august H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit sin fødselsdag
25. desember 1. juledag
Andre dagar 1. påskedag, 1. pinsedag og dagen for Stortingsvalet.
Referansar og vedlegg
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1933-06-29-2
https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1927-10-21-9733
Flaggreglement for Voss herad i pdf (PDF, 435 kB)
flagge på halv stang – Store norske leksikon (snl.no)