For å tinga kommunal vigsel må de
- Senda inn elektronisk registreringsskjema til heradet
- Tinga prøvingsattest frå Skatteetaten
Prøvingsattesten er gyldig i fire månadar. - Ettersenda prøvingsattesten elektronisk eller per post til heradet
- Legga fram gyldig legitimasjon til heradet ei veke før vigselen. Gyldig legitimasjon er pass, norsk førarkort eller norsk bankkort med bilete.
Seremonien
Heradsstyresalen på Tinghuset kan nyttast som lokale til seremonien måndag til fredag kl. 10:00-15:30. Her vert det pynta med ljos, kvit duk og blom på vigselsbordet. Pynt utover dette står ein for sjølve. Planar om kulturelle innslag under vigslinga må meldast frå om på førehand.
Dersom de ynskjer å gifta dykk andre stader må de sjølv stå for tinging og pynting av lokale. Tid og stad må avtalast med vigslar.
Under vigslinga må det vera tilstades to vitne.
Brureparet får med seg kopi av vigselsboka som midlertidig vigselsattest.
Vigslarar
I tillegg til ordførar og varaordførar, rådmann og nokre kommuanlsjefar, har medlemmene i Formannskapet vigselsmynde:
- Tonje Såkvitne, ordførar
- Benedicte Kragh, varaordførar
- Iril Schau Johansen
- Sveinung Riber
- Dag Sandvik
- Hilde Marie Magnusson
- Lars Gunnar Øye
- Samson Hamre
- Elin Seim
- Trude Storheim, kommunalsjef kultur og fritid (til 31. juli)
- Trude Letnes, kommunalsjef kultur og fritid (frå 1. august)
- Tor Halvorsen, stabssjef innbyggjarservice
- Arild M Steine, rådmann
Etter seremonien
Brureparet vil få tilsendt original vigselsattest frå Skatteetaten.
Pris
- Vigsel i heradsstyresalen på Tinghuset eller like ved Tinghuset:
gratis dersom brureparet er busett i Voss herad.
For brurepar busett utanfor Voss herad kostar vigselen kr. 1000,- - Vigsel andre stader og tider: kr. 2550,-
Kostnader vert fakturert.
Skjema
Søknad / registrering
Ettersending av Prøvingsattest
Lovverk
Ekteskapslova
Forskrift om kommunale vigslar
Retningsliner for kommunal vigsel (PDF, 43 kB)