Bli med på kveldskøyring 2026

Saman med frivillig lagsliv inviterer ungdomsavdelinga i Voss herad alle frå 6. trinn til og med vidaregåande skule, som er busett i Voss herad, til gratis kveldskøyring torsdagar frå og med 26.februar til og med 19.mars.

Korleis bli med? Møt opp kl.17.00 på Voss Gondol i kjellaretg. Kjem du etter kl. 17.15 er du for sein og det er ikkje mogeleg å delta denne kvelden. 

Det vert utdeling av kort og inndeling i grupper: 

Gruppe 1: nybyrjar, skikurs i barnebakken 

Gruppe 2: for deg som har vore litt på ski, men vil læra meir og vil ut i skisenteret 

Gruppe 4: frikøyring, du køyrer saman med andre vener 

 

NB! Alle som får skikort og er med på  “Bli med på kveldskøyring”  må fylgja nokre viktige reglar:

  • Ingen har lov å stå på ski aleine i skisenteret.
  • Deltakinga er på eige ansvar og føresette må fylgja opp at barna kjem seg heim.
  • Voss Resort sine Skivettreglar må fylgjast. Desse vil alle få god innføring i på veg opp med gondolen.

 

Treng du skiutstyr, ta kontakt med Kirkens bymisjon Skattkammeret som held til i Bonangergata i Voss sentrum. Skattkammeret har ope tysdag og torsdagar.  Torsdagar når det er Bli med på kveldskøyring held dei ope til kl.21.00

Har du spørsmål, ta kontakt med kristina.finne@voss.herad.no, tlf. 91142633

Kontakt

Kristina Finne
Frivilligkoordinator
E-post
Telefon 91 14 26 33