Dagsturhytta

Dagsturhytta på Voss ligg flott til på Klepp (600 m.o.h) på nordsida av Vangsvatnet.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

  Ut.no Hytta er gratis for alle, heile året. Målet med hytta er å stimulera til turglede i nærområdet. I hytta kan du eta matpakka di, varma (evt. tørka) kroppen ved peisen, og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket. Det er ikkje lov  å overnatta i hytta.

Dagsturhytta er di! Bruk den så ofte du vil, og respekter at andre kan bruka hytta medan du er der. Forlat hytta slik du ynskjer å finna ho.

Dagsturhytta er eit folkehelsetiltak og det er eit mål at flest mogeleg skal koma seg til hytta utan å nytta bil. Du kan koma deg til hytta ved å gå frå sentrum eller gå frå Hanguren. Det er skilta sti på Hangurstoppen og frå parkeringa på Heggjavad.

Skadar eller andre feil på hytta kan meldast frå om til Innbygjarservice tlf. 56 51 94 00.

Dagsturhytta er eit fylkeskommunalt prosjekt som starta i 2016. I dag har nesten alle kommunane i Vestland fått si eiga dagsturhytte. Du kan lese meir om dagsturhyttene her Dagsturhytta

Tilkomst frå parkeringsplassen på Heggjavad
 Køyr til Raugstad og vidare opp til Heggjavad (P-avgift). Parker på parkeringsplassen på Heggjavad. Det er ikkje lov å parkera langs vegen og på møteplassar. Hugs å betala parkeringsavgifta. Frå parkeringsplassen går du nedover på bilvegen i om lag 400 meter. Her tek du til venstre og går opp traktorvegen i om lag 2,2 km til du er framme ved Dagsturhytta. Traktorvegen er i bruk til skogsarbeid, vis omsyn. Turen er 2,6 km og har 270 meter stigning. 

Slik vegen er i dag kan me ikkje anbefala denne turen med terrenggåande rullestol. Stien frå Heggjavad går stort sett på traktorveg. Denne er enkelte stadar ganske bratt, i tillegg er partiet øverst til tider ganske blaut og gjørmete. Det er planlagt tiltak for å gjera vegen betre. På Ut.no oppfyller turen krava for «Godt tilgjengeleg tur».

Tilkomst frå Mølstertunet: Frå Mølstertunet går du fyrst 30 meter på den T-merka stien mot Hanguren. Ved fyrste stikryss tek du til venstre og held fram på stien som går mot vest. Når du kjem til traktorvegen etter om lag 2 km tek du til høgre. Turen går vidare oppover på traktorvegen i om lag 2 km til du er framme ved Dagsturhytta. Turen er 4 km og har 450 meter stigning.

Tilkomst frå Hangurstoppen: Følg skilt mot Dagsturhytta langs Grebbeløypa. I stikrysset Gråurdsdale, ta til venstre og følg skiltinga vidare til Dagsturhytta, cirka 2 km. Her er knallfin utsikt og koseleg nisteplass! Frå Dagsturhytta, fins det mange stiar til Voss sentrum. Sjå på kartet. Ein fin tur er å fylgja skogsvegen til venstre bak den raude hytta bak Dagsturhytta. Denne snor seg omlag 2 km nedover lia før du kan ta til venstre ned hovudstien mot Mølster og deretter vidare mot Voss sentrum.

Bandtvang
Ta gjerne med hunden på tur til Dagsturhytta, men me minner om forskrifta for bandtvang som gjeld for Voss herad.

Vis omsyn til beitedyra
Det er beitedyr i området. Lat att grindene etter dykk og vis omsyn til dyra.

  Ut.no 

Kontakt

Nils Helge Kvamme
Rådgjevar
E-post
Telefon 45 27 02 61