Riktig vassinnhald i jorda er viktig for gode avlingar. Drenering av jordbruksjord kan vere avgjerande for å få eit godt agronomisk resultat og gode avlingar. Vassjuk jord gjev større utslepp av lystgassar m.a. frå kunstgjødsel og gjev ei dårlegare utnytting av innsatsfaktorane.
Dei store nedbørsmengdene i haust vil sannsynlegvis kunne vise tydeleg kvar utfordringane er på di jord, og at det kan vere nyttig å drenere.
Les meir om drenering her . Forskar Samson Øpstad ved NIBIO anbefalar og sterkt drenering i denne artikkelen
Tilskot til drenering av jordbruksjord
Staten gir tilskot til drenering av jordbruksjord; kr. 61 per meter/ inntil kr. 4000,- per dekar
I tillegg har Voss herad eit eige klimatilskot til drenering; kr 30/meter grøft
Dvs. at det no er kr 91 pr meter i tilskot i Voss herad
Det er eit vilkår for tilskota at du søker i forkant
Dersom du eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan du søkja om tilskot til drenering. For planerte areal kan du søkja om tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare.
I søknaden skal du
- Beskriva dreneringarbeidet
- Gjere greie for kva dreneringstiltak du planlegg å gjennomføra, inkludert plan for dreneringa
- Svara på spørsmål om kulturminne, naturmangfald og avrenning
- Leggje ved kart med grøfteskisse
Begge tilskota vert utbetalt i etterkant av at prosjektet er gjennomført.
Etter at staten auka tilskotet frå kr 38 pr. meter til kr 61 pr. meter vart tildelt ramme til kommunane noko avgrensa. Voss herad har i haust fått auka potten. Me oppfordrar alle landbruksføretaka om å vurdere om dreneringstiltak er aktuelt å gjennomføre for areal ein driv. Sidan dette er ei stor investering vil fagleg hjelp til planlegging kunne vere lønnsamt. Det er ei føresetnad at ein søkjar før tiltaket vert igangsett.
Har du spørsmål: ta kontakt med Voss herad.
Kari Mostad tlf: 97997150, e-post, kari.mostad@voss.herd.no,