Egil Aslak Hagerup held føredrag om beredskap

Tysdag 28. oktober inviterer Voss bibliotek til ein stemningsfull og tankevekkande kveld med forfattar Egil Aslak Hagerup, som kjem for å fortelja om boka si "I tilfelle dommedag". Med ekstremvêr, flaumar og ras som bakteppe, tek Hagerup oss med inn i ei forteljing der naturkreftene og menneskelege val kolliderer – både dramatisk og poetisk. 

Gjennom samtale og opplesing får publikum eit nært møte med boka, og høve til å reflektera over korleis me lever i ei tid der dommedag ikkje berre er ein fjern tanke, men ei mogleg framtid. 

📅 Tysdag 28. oktober 
📍 Voss bibliotek
🕡 kl. 19.00–20:30 

Velkomen til ein kveld med litteratur, alvor og engasjement!  

Kontaktperson: Kirsten Eitrheim Aga, Kirsten.E.Aga@voss.herad.no