Eigenbetaling for tryggleiksalarmar opphøyrer

Eigenbetaling for tryggleiksalarmar opphøyrer fram til Voss herad har gjennomgått gjeldande vedtak og betalingsordningar knytte til tryggleiksalarm. 

Eigenbetaling for tryggleiksalarmar opphøyrer fram til Voss herad har gjennomgått gjeldande vedtak og betalingsordningar knytte til tryggleiksalarm. 

Målet er å sikre at kommunen praktiserer regelverket likt, korrekt og i samsvar med nasjonale føringar. Eigenbetalinga opphøyrer  fram til kommunalavdeling helse og omsorg har kartlagt omfanget. 

Det er på bakgrunn av nye juridiske presiseringar frå Helsedirektoratet og Statsforvaltaren om korleis regelverket for eigenbetaling skal forståast og praktiserast at heradet no går gjennom praksisen for eigenbetaling av tryggleiksalarmar. 

Helsedirektoratet har i haust kome med ei nasjonal presisering av regelverket. Presiseringa kom etter at fleire kommunar og statsforvaltarar tok opp spørsmål om korleis gjeldande lovverk skulle forståast.

Dei nye føringane slår fast at heradet ikkje kan krevje eigenbetaling for tryggleiksalarm når alarmen er nødvendig for å sikre innbyggjaren forsvarlege helse- og omsorgstenester. Dette gjeld mellom anna når tryggleiksalarmen erstattar eller inngår som ein del av nødvendig tilsyn, helsehjelp i heimen, tryggleiksskapande tiltak eller hjelp til personleg stell og eigenomsorg. I slike tilfelle skal tryggleiksalarmen vere gratis for brukaren. 

Både Statsforvaltaren og Helsedirektoratet har presisert i brev til lands kommunar   at det berre i særlege tilfelle kan krevjast eigenbetaling for tryggleiksalarm. 

Dette kan vera aktuelt dersom alarmen vert tildelt som praktisk bistand som ikkje gjeld personleg stell eller eigenomsorg, eller som eit frivillig servicetilbod til personar som ikkje har rett på helse- og omsorgstenester. Samstundes understrekar styresmaktene at dette normalt vil vere unntaket og ikkje hovudregelen. Dette har bakgrunn i den elleve år gamle fortolkinga for eigenbetaling. 

Kva skjer vidare

Innbyggjarar som i dag har tryggleiksalarm treng ikkje sende ny søknad eller ta kontakt med heradet som følgje av denne gjennomgangen. Dersom vurderinga fører til endringar i betalinga eller viser at ein brukar har betalt eigenandel utan rettsleg grunnlag, vil kommunen ta direkte kontakt med dei dette gjeld. Kommunen vil då også vurdere behovet for eventuell tilbakebetaling i samsvar med gjeldande regelverk. 

Heradet er oppteken av at innbyggjarane skal ha tillit til at dei får dei tenestene dei har krav på, og at betaling for kommunale helse- og omsorgstenester skjer i tråd med lovverket. Heradet vil difor sørgje for at alle saker vert vurderte individuelt og etter dei føringane som no er gitt frå sentrale styresmakter.