Eldrefest med mat og musikk

Onsdag 30. septemebr var det eldrefest, med både mat, musikk og mange til bords.

FN sin internasjonale eldredag er 1. oktober, men på Voss vart denne markert dagen før i år, altså onsdag 30. september, med den årvisse eldrefesten. 

Staden var Park hotell, og 185 feststemte møtte opp til festen. Her var det både god middag med dessert, underhaldning, allsong og ikkje minst det aller viktigaste, ein god drøs. 

Aleksander Aga Røynstrand og Astrid Sudmann sto for kulturen, med ei fengslande framføring om spelemannen og mennesket Ola Mossefinn, og avslutta festen med balladen/folkevisa om Gullterninga. 

Folk som var til stades kan melda om at både stemninga og tilbakemeldingane frå festlyden var god.